IMG_7895

Ein kjekk gjeng unge Sæbø-spelarar saman med Trond Fredriksen.

Dei to representantane for tippeligaklubben AaFK var på Sæbø for å halde kurs for trenarar og leiarar om korleis trene i aldersfastlagde klasser. I underkant av tjue personar frå klubbane Åmdal, Sæbø, Hovdebygda og Ørsta var til stades på samlinga.

I tillegg var unge fotballspelarar frå Sæbø med. Dei var med som markørar. Etter ei teoriykt, var det nemleg klart for å vise øvingar i praksis. Fredriksen hadde ansvaret for å vise øvingane med Sæbø-spelarane som utøvarar, medan Vågnes forklarte kursdeltakarane føremålet.

– Dette er artig, og eg synest nesten at Trond er ein flinkare trenar enn dei eg har til vanleg, seier Olai Eikrem Riise. Han synest det var svært å få ha ei trening der Trond Fredriksen var trenar.

– Ja, spelarane er skikkeleg motiverte. I dag får dei til ting som vi mest ikkje greier å få til på dei vanlege treningane, seier ein forelder som var til stades for å sjå på ykta tysdag.

IMG_7876

AaFK sin talentutviklar Reidar Vågnes likte seg godt på Sæbø tysdag. Det gjer han forresten kvar gong han er her.

Fredriksen og Vågnes viste kursdeltakarane fleire øvingar. Det handla om pasningar, mottak og medtak. Men aller viktigast var det å få prenta inn at fotball er eit lagspel.

– Det hjelper ikkje å ha eit lag der ein spelar skal drible og prøve å halde på ballen heile tida. Det vert det ikkje spel av. De må gjere kvarandre gode, terpa Fredriksen.

Vågnes var godt nøgd med ykta etterpå.

–  Det viktigaste er om vi  har vore med på å tenne ein liten gneist i fotballkvardagen. Det å kunne gje litt inspirasjon er det vi håper å oppnå med desse samlingane, seier Vågnes.

IMG_7885

Reidar Vågnes forklarar trenarane korleis det skal arbeidast med yngre spelarar.

Denne artikkelen vart publisert i Møre-Nytt, torsdag 20. august.