Vi har venta og venta på denne dagen, og endeleg var den komen. Vegard vrir svevna ut av augene og er klar på eit blunk.
Men vi kan ikkje stille slik på første skuledag. Vegen til badet og vidare til frukostbordet er kort. Det er ikkje ofte guten er så rask å kle på seg. Så skal vi gå til Sæbø, vegen har vi godt mange gongar før, men i dag er det på skuleveg.
Eit steg hit og eit steg dit.......
Utan for skulen møter vi mange andre som var like spent. Og det er ikkje berre elevane som er nervøse og spent på ein slik dag, eg trur det kribla i magen til fleire mødrer og fedrer.
Eg høyrde fleire som mimra om eigen skulestart og ikkje minst om korleis det såg ut på Sæbø skule då dei sjølve var elevar her.
Vi ventar og ventar på å få komme inn på klasserommet.
Rektor Oddny Flugekvam og 1. klasse lærar Kristin Riise
Og endeleg så er det tid for å gå inn på klasserommet. Rektor ønskte oss velkomne til Sæbø skule. Ho snakka litt om at det å byrje på skule er ein milepæl på linje med eit bryllaup, ein fødsel eller å starte i arbeidslivet. Så denne dagen var her 2 ulike milepælar, alle elevane som idag vart skuleelevar og den nyutdanna Kristin som starta lærarkarriera si. Lukke til alle sammen.
Kristin utfordra oss til å syngje "Per spelmann" med litt hindringar på vegen. Songen var nok meir kjent for foreldregenerasjonen enn for elevane. Men songen gjekk fint og det vart litt latter som løyste opp spenninga.
Etter litt praktisk informasjon lurte Kristin på om vi foreldre hadde tenkt å vere der heile dagen, vi tok hintet og gjekk heim. Eller heim og heim, vi var faktisk ganske mange som nytta høvet til eit lite kafebesøk på bakereiet denne flotte dagen.
Lukke til Vegard, Gaute, Nikolai, Vetle, Johan, Joakim, Iselin, Andrine, Rugile, Kristianne og Ida Kristine.
Kommentarar
Til alle fyrsteklassingane: Ditta verte kjekt!