Naturfestivalen har dei siste åra har vorte meir og meir populær. Målsetjinga for festivalen er å få folk ut av godstolen og nytte aktivitetane til å kome seg ut og oppleve naturen sosialt saman med andre. Mest kjend er nok motbakkeløpet Saudehornet Rett Opp, som har trekt mange ivrige løparar og mosjonistar til Ørsta. Riktig nok er ikkje alle tilstellingane av ein slik tøff kaliber, men ein kan oppleve alt frå luftige tindenålsturar med SunAlp til flotte opplevingar med til dømes båten Hindholmen. Nytt av året var Den Store Rundturen...

Ny tur

Under årsmøtet for Naturfestivalen i februar kom det fram tips om nye aktivitetar, og blant dei frammøtte kom det mange gode forslag. Eit av dei var Den Store Rundturen, ein alt-i-eitt-tur der ein får oppleve mange smakebitar av Sunnmøre som ein elles ikkje ville klart på ein vanleg dag.

Målet for rundturen var nettopp å få sjå og oppleve mest mogleg av den vakre naturen Sunnmøre har og by på på ein fullpakka dag. Med start frå Leknes, buss gjennom Norangsdalen til Fivelstadhaugen, vidare til fots over Urdbakken til Kvitelvdalen og Tyssedalen, ned til Bjørke og med skyssbåt attende til Sæbø var bordet dekka til ei framifrå oppleving.

Fin oppvarming

Torsdag morgon møtte i alt 43 spente og ivrige turgåarar, samt to veldresserte hundar, til start ved ferjekaia på Sæbø. Etter noko ruskete vær tidlegare i veka kunne ein no oppleve høgt skydekke og stadvis gløtt av sol. Med andre ord; dette såg svært lovande ut for det som skulle bli ein lang dag på fjellet.

Etter å ha teke ferja over til Leknes gjekk turdeltakarane over i ein buss som stod og venta på den andre sida av fjorden. Undervegs til Fivelstadhaugen, orienterte ein av turleiarane, Jarle Myklebust, om kva turgåarane hadde i vente. Mange var spente på om dei hadde bein og helse til ein slik tur, og Myklebust kunne forvisse dei om at dette skulle gå bra.

På Fivelstadhaugen, nærare bestemt ved den gamle skysstasjonen, Villa Norangdal, stod sjøkaptein og vertinne Iris Fivelstad og venta. Ho tok imot passasjerane og fortalde om hotellet, som har unik innreiing og spennande historie tilbake på byrjinga av 1900-talet.

orient

Sjøkaptein og vertinne Iris Fivelstad orienterte om skysstasjonen Villa Norangdal.

No var det klart for å byrje på sjølve turen over fjellet til Bjørke, og ei litt spent atmosfære hadde lagt seg på Fivelstadhaugen. Ein kar i turfølgjet byrja så smått og nærme seg ei grind til utmarka og så var turen i gang...

Rekke 

Den Store Rundturen viste seg å verte ein suksess. Her er turgåarane på veg oppover mot Urdbakken.

I gamle fotspor over Urdbakken

Oppover i bjørkeskogen fekk turdeltakarane følgje av nysgjerrige geiter. Desse slapp taket i det dei kom over i eit meir glissen landskap med sporadisk innslag av liggjande fjellbjørk, prega av vær og vind. Med innslag av gode pauser, nådde det spreke turfølgjet Urdbakken og all stigninga var unnagjort. Urdbakken, eit breitt pass på 1126 meter over havet, har lange tradisjonar. Det var her turistar fann vegen over frå gamle Hotell Søndmør på Bjørke frå 1890-åra eller Viddal, då via Litlehorndalen. Dette er ein lang overgang, 13-14 kilometer, men sjølv dei to yngste turdeltakarane på 10 og 13 år fann det meir interessant å følgje med på dei kneisande tindane rundt, enn å leggje merke til den innpåslitne mjølkesyra som hadde angrepet dei fleste.

fint

Fint veir og behageleg temperatur gjorde at det var ein flott tur over fjellet.

Ein bratt passasje ned til Kvitelvdalen skapte ingen problem, og rykter om at kulinariske henrykkelsar var i vente ved Tyssenaustet bidrog heller til ei meget god stemning i troppen. Ei lokal regnbye smaug seg over dalen, men fann det meir interessant å blautleggje dei som enn måtte befinne seg på toppen av Kviteggja, 1717 moh, denne dagen.

sfal  gif

Tyssenaustet og ei kulinarisk smaksoppleving.

Dei tre turguidane: Jarle Myklebust som frontperson og altmoglegvitande, underteikna som sivil turist og Hildegunn Mork som baktropp, helsepersonell og motivator, saman med dei 40 andre svært så disiplinerte turgåarane, spaserte lett nedover mot kanten av Kvitelvdalen. Eit voldsomt syn i form av Tyssevatnet med Hornindalsrokken 1529 moh, Rokkekjerringa 1543 moh, Storhornet og Bjørkehornet som tilskodarar, openberra seg for følgjet før turen no gjekk i sidebratt lende ned til vatnet. Vel nede, med Tyssenaustet i sikte, førte dei raudmerka steinane vidare veg langs stranda på vatnet.

På eit lite nes hadde moltene modnast, noko som fall i smak hjå mange av deltakarane. Guiden la inn ei lita pause her, og fortalde om Tussa og Tyssevatnet. Bak ein lyttande gjeng stod fire bærsankarar med hovuda i lyngen og då like mange bakendar rett til vers i retning Hornindalsrokken.

Presis klokka fire nådde gjengen Tyssenaustet. Her venta ei overrasking i form av spekemat og potetsalat sponsa av Tussa Kraft. 86 bein og 8 labbar, hadde no gått vel 10 kilometer, ikkje rart at dette blei godt motteke. Folk slo seg ned utanfor og rundt Tyssenaustet som blei restaurert i 2002 og har tilhøyrsle hjå Ålesund-Sunnmøre Turistforeining, ÅST. Her kunne ein kike inn i hytta og bruke utedoen som har ei flott utsikt. Ein kar konkluderte med at han var glad han ikkje hadde skifta straumleverandør, og forsynte seg godt av spekematen.

 Molte

 Oddmund Hovden fann seg godt til rette i lyngen langs Tyssevatnet.

 Speke

Spekematen, sponsa av Tussa Kraft, slo an i lyngen.

Handverkskafeen og fjordcruise på speilblank sjø.

Etter ei lengre matpause ved det idylliske Tyssanaustet, bar det i veg nedover råsa til Bjørke og fjorden. Dette var den siste bratte nedstigninga på turen og slitne kne og lår gjekk på ny til kamp mot mjølkesyra. Geologiske formasjonar skapt av vatn og is i form av jettegryter er å sjå på veg ned råsa ved sida av den kjende Tyssefossen. På ny måtte turgåarane stoppe opp så folk fekk ta bilete og få informasjon om naturfenomenet.

 I det turfølget nærma seg fjøra og fjorden, kjende ein lukta av kaffi og nysteikte sveler.

På handverkskafeen var det som vanleg yrande liv. Her var det igjen fritt fram å forsyne seg av matbordet, som igjen var sponsa av Tussa Kraft. Den fjordnære lukta av tang og tare for sivande gjennom dei nakne tærne og gjorde den lange fjellturen komplett. Ein kopp kaffi, ei svele og ein is blei fordøydd saman med samtalar om den fantastiske turen dei nett hadde vore.

M/S Hjørundfjord låg til kai like ved å skulle no ta seg av tredje og siste ettappe av den store rundturen. Heldige med været, eksemplariske og spreke turgåarar, full klaff på alle punkt hadde gjort dette til ein verkeleg stor rundtur. Humøret var no på topp og ein kunne høyre antydningar til song bak i båten. Jarle Myklebust orienterte også her kort om Bjørke og småstadane rundt, samt Otåla-ulukka i 1770, før han på vegne av turguidane takka for følgje og håpte folk tek turen attende til Bjørke neste år, då kanskje med ein ny oppleving på programmet. Følg med på heimesidene til naturfestiavelen når den tid kjem.

 tær

Ein siste matbit gjorde godt for slitne bein.

Stemning-på-båt

God stemning på båten attende til Sæbø. F.v Arve Flataker, Ann-Helen Urkegjerde, Anette Brøker og Martin Endresen.

 Takk for turen!

Tekst og foto: Håvard Myklebust