Flaumar har gjort stor skade. Flaumen, som er best kjend på folkemunne, kom i 1906. Husa i Urkegjerde vart isolert på ei øy som stod att med elva fossande på begge sider i mange dagar. Molda på bøane hamna i fjorden og erstatning vart teke opp som sak i Stortinget i eigen proposisjon nr. 111 1906-07.

Det er elva som har forma Urkebygda, eit delta med ulike nivå, utforma gjennom titusen av år. Det er elva som har gitt Urkebygda namnet. Av ordet orka - som betyr å arbeide - er det ei grei linje fram til namnet Urke.

Gamlebrua og meieriet Ola-Knut

Slik minnest Knut R. Urke (1899-1981) trebrua som vart bygd i 1910. Stokkane vart slepa etter færingar frå Honningdal i Skodje. Bru-kara etter gamlebruene er godt synlege i  dag. Knut har og fått med Urke Meieri og Jensa-kvennhuset t.v. (Teikning frå Gard og ætt 3, s. 116).

Den første gangbrua over Urkeelva (Storeelva - som vi seier) kom på plass i 1871. Det var eit par skråstilte stokkar frå kvar side  som var samanbundne i midten. På tvers gikk det plankar. Det vart ymta frampå at ein burde utvide brua slik at det var råd å få over ein hest med slede, men det var fleire som meinte at det var luksus.

Fastskulen (eige bygg til skulen) vart reist i 1991 og før det vart bygda pressa av kommunen til å få ordna med ei sikrare bru. Den gamle vart då utvida i breidda og fekk nytt dekke, men ikkje rekkverk. Brua var ikkje særleg eigna til køyrebru sidan ho ikkje var flat.

Neste utgåva var slik som Knut R. Urke har teikna brua (sjå ovanfor) og ho var i bruk til noverande bru kom i 1940.

Urke Helga 08 011

Her er restar av bru-kar etter gamlebrua på innsida av elva - mot campingplassen. Dei skal visst nok vere freda??

 

Nyebrua (2)

Her er nyebrua ferdig i 1940. Ein gjeng av vegarbeidarane har stilt opp. Vi skal nok finne ut meir om kven dette er ved eit seinare høve. Under brua ser vi noko av demninga til det gamle kraftverket. (Foto: Nils J. Urke)

Denne brua var ein del av vegprosjektet Øye - Urke. Ved krigsutbrotet i 1940 var både brua og vegen bygd forbi butikken til Ramoløda der eit stabbur måtte fjernast sidan det sto midt i vegtraseen. Vegbygginga vidare mot Leknes kom i gang etter at krigen var slutt.

To merkeleg skilt dukka opp for to år sidan. Dei skulle monterast i enden av rekkverket på brua og fortelje om kor mykje vekt brua kunne tole.

Bru og bruskilt 001

To eksemplar av dette skiltet fann vi i kjellaren til Hilmar Urke.

Skilta vart aldri monterte. Kanskje forsto Hilmar Urke, arbeidsformann?, at brua var god for langt større vekt og let vere å montere dei. For to år sidan passerte ein lastebil med 83 tonn last denne brua - utan problem. Hilmar visste nok kva han gjorde då skilta vart liggande i kjellaren.

Urke Helga 08 031

Eit fantastisk flott steinarbeid er utført på bru-kara under brua. Vi ser at stein i steinlag nr. to ovanfrå er uthogd for å tilpassast stein i laget under. Dei er stort sett  maksimalt ein cm. opning mellom steinane. Eit slik grunnarbeid, basert på fjellgrunn, har halde i 70 år - så langt.  Stålbjelkane under betongdekket - to i talet - er heller ikkje til å kimse av.

Urke Grendalag har rydda området vest for brua og ønskjer å få på plass ei plattform på murane til fryseriet som vart fjerna i samband med ryddinga. Då vil både fossane og grunnarbeidet under brua bli lett synleg.

Dersom ein kan få til ei ansiktsløfting framfor neste sommar, vil bruområdet framstille seg på ein svært presentabel måte.