Det har vore Urke-Helg i helga. Eit av høgdepunkta var tur på Haukåssætra. Vi visste at det hadde vorte utført eit forarbeid, men resultatet var høgst usikkert.
Nelly Urke, dagleg leiar på Urke Landhandel, har gode kontakter. Ideen om å servere tradisjonsmaten åfalleringje (Ivar Aasen har med j-en) og flatbrød, vart vidareutvikla.
Nøkkelen for å lage åfalleringe er tette. Det er kulturen - bakteriane - som får mjølka til å "falle ut" og med det dele seg til eit kremaktig, gult topplag med ein smak du ikkje kan samanlikne med noko.
Nelly fekk tak i tette hos Tove Nordang på Norang - og dermed var den delen sikra. Helge L. Urke skaffa rett-frå-spenen-mjølk. Fordelt over 70 porsjonar, to - tre dagar i romtemperatur: Søndag morgon var åfalleringa på plass.
Her står åfalleringe i stablar. Råstoff: Tette og nysila mjølk. Sukker på toppen. Resultat: Noko du aldri får kjøpt – takka vere mattilsynet - men som smakar himmelsk.
Kirsti Fiskerstrand og Jorun Urke hadde baka stablar av flatbrødleivar. Alt gjekk unna.
Her går det unna. I framgrunnen står Nelly Urke ,t.v., og Kirsti Fiskerstrand som serverte åfalleringe og heimebaka flatbrød. Fire flate flatbrødleivar var det einaste som var att!
Vi som fekk smake, takkar for smaksopplevinga. Vi veit at tetten er komen tilbake til Urke og er trygt lagra i Nelly sin frysar.
Kommentarar
Ivar Aasen skriv i "Norsk Ordbog" om både rjomekolle og åfalleringje. Rjomekolle= "Mælkefad med Fløden på." Så tek han med rjomeskyr = "den fedeste Mælk nærmest under Fløden".
Hjørundfjord Sogelag, årsskrift 5 "Sætring" omtalar dei ulike sætrene i bygdene og rjomekolle, rjomeringe, gutaringja, mjølkeringe og åfalleringe er namn som vert brukte i mest alle artiklane.
Kjært barn har mange namn! Men har de kontakt med nokon som kan skaffe spenevarm mjølk og får tak i tette; dette må prøvast og opplevast! Nelly på Urke Landhandel kan meir om temperatur og tid som går med før rette smaken er der.
Når ein først har tette, er ein berga. Har du ein kopp av rjomeskyret (den utfelte mjølka), tek du ei skei (eller to?) av dette i kvar ringe (bolle) og slår den spenevarme mjølka over og lar det stå eit par-tre dagar, avhengig av rett romtemperatur.
Men kva med å få til den første tetten? Nokre snakkar om tettegras som veks i myrkantar og fuktig eng. Sjå i ein flora. Andre snakkar om ein snigel. Kven kan gå til botn i mysteriet??
http://www.museumsnett.no/alias/HJEMMESIDE/midttromsmuseum/natursider/tettegras.htm
men det gjøres kanskje med en annen lokal vri.
På Mega i Volda selger de tettemelk fra Røros.
Kan den brukes skal tro?