Slekta var samla laurdag, dei siste steig akkurat ut av bilen etter ei lang reise frå Danmark. Ole var på plass og tok mot sine næraste. Det skulle bli ei minnerik familiesamling med overrekking av gåva frå barna, barnebarna og oldebarna: Helikoptertur til Stålberghornet. Men samlinga fekk ein bitter bismak. I avisene hadde dei sett oppslag om at ein helikoptertur var uforenleg med naturverninteressene og måtte frårådast på det sterkaste.

Ole med Stålberget bak 09 002

Ole er ein vital 90-åring som ser fram til å få oppleve enno ein tur på Stålberghormet.

Ole fylte nyleg fylt 90 år. Han er busett på Valderøya. Han er familien sin ”grand old man” og deltek under familiesamkomene og dukkar opp på ulike arrangement i heimebygda. Han svinga seg friskt i dansen under siste Urke-helg.

Han var dreng på Stenes i 6 år som unggut. Om haustane, ofte med snø i fjella, var dei aller hardaste taka å samle saman dei lettbeinte kjea som hadde gått ute heile sommaren. I alt 13 gonger var han på Stålberghornet i det ærendet, ein gong vassa han i snø opp til beltet der oppe. Eit slit vart det, men han var lett på foten og kom seg både opp og ned.

Han minnast desse turane i detalj og det var nøye gjennomtenkt då dei næraste ville gi han det han hadde uttrykt som sitt fremste ønskje: Ein siste tur på Stålberghornet, å få sjå vatnet der oppe, utan å måtte slite seg opp brattlendet frå Gallesteinane og Sævåg i Viddalstranda eller opp Helgådalen frå Øye. Til det rekk ikkje kreftene no.

Urketurar sommar 09 004

Det var dit opp eg kunne ha lyst til å få kome før det er for seint, seier Ole med eit forsiktig smil.

Men Møre og Romsdal Naturvernforbund vil ha det annleis. Ole skal ikkje få med seg denne opplevinga. Alle kan ikkje få lyst til å gjere det som ein sjølv ønskjer. Ein fødselspresang er ikkje god nok grunngjeving for å gi landingsløyve, det kan bli mange slike løyve, argumenterer leiaren Øystein Folden. På spørsmål om kvifor dette var så umulig å imøtekome, vart det opplyst at det var utan problem dersom ein kunne unngå landing av helikopteret. Ein kan fly så mykje ein vil, men var det råd å hoppe ned frå helikopteret den siste halvmeteren? var eit seriøst spørsmål frå Ørsta kommune.

På Leknes lever dei framleis i håpet om at Ørsta kommune sin administrasjon kan ta sjølvstendige avgjerder, utan å bli detaljstyrt av Møre og Romsdal Naturvernforbund.  Det er stor undring over at det i andre fjell er problemfritt å få lande, medan Stålberghornet, flatt og fint på toppen, utan dyreliv og planteliv, må overbeskyttast av naturverninteressene.  Det er fleire som har ei kjensle av at det er eit problem at alt for mange brukar dei mest attraktive fjella. Dei skal reserverast dei få. Andre kommunar stiller seg positive til helikopterbruk, utan overstyring og utan behov for så sterke restriksjonar.

Alle må forstå at det ikkje er ei daglegdags hending familien har søkt om løyve til. Det er snakk om å imøtekome ein mann sitt fremste ønskje, utan å gjere nokon skade. Familien vil gjere ære på ein kvardagshelt med ei minnerik gåve. Det finst inga forståing for at Ørsta kommune ikkje kan gjere ei individuell vurdering av denne saka som gjeld ein mann som i årevis har levd eit liv i fjella.