LivElida i samarbeid med ”Naturfestivalen” inviterar til

                              Naturopppleving i  Bjørkedalen fredag 31. juli.

 

Topptur til Felden / Måltid ved LivElida (Felden er fjellet bak til høgre)

Turen går til Felden. I vikingtida var Felden brukt til vardeplass. Ein ser både til Nordfjord og heilt ut på Sunnmørskysten. Det skal også ha stått eit offerhus  her sidan  fjelltoppen vart rekna som ein heilag stad.  Like ved offerhuset var der ei vasskjelde, noko som er særsynt for eit så høgt  fjell.

Dette  er ein ”middelstung” rute – ca 4 km. Stigning frå 475m til 1272. Turen tek ca 5 timar, tur- retur.

Møtestad: ved” Båtsamlingane” i Søre Bjørkedal  kl 10.00 . Felleskøyring fram til Laurdalssetra.

Turleiar: Hildegunn Mork

Etter turen møtast vi til 2 retters middag ved ”LivElida”. ( Vertshuset ved Vikingskipa- mot ”NordreBjørkedal”)

 LivElida”:    Vertshuset er ope frå kl. 1200 til langt på natt!!

Vi sel vafler og kaffi,  is og gode kaker. Grilltallerken om nokon ynskjer det. Alt er heimelaga!

Aktivitetar  for born og vaksne.

 

NB! Vi har førebels ikkje bankterminal!

Spørsmål ? Ta kontakt med Wenche på Mobil : 90 60 10 74/ Livelida@online.no

 

Tur med Vikingskip: Jakob Helset tek Dykk med på ein rundtur på Bjørkedalsvatnet. Om de er mange nok  er det mogleg å få ro eit ekte vikingskip.  I tillegg vil han fortelje historier frå den vakre staden vår.

Leige av  færing:

Det er og mogleg å leige trebåtar for eigne turar på vatnet.

Spørsmål? Ta kontakt med Jakob på Mobil: 93 25 69 81 / post@helset.net

Sjå og heimesidene til Naturfestivalen.