klokkura 002

Allereide på parkeringsplassen såg vi at her var det mange som møtte fram.

klokkura 009

På Stokkesetra hadde vi opptelling og fellesbilde.

Heidi, Ann Helene, Kanutte, Hilde, Kari, Ingvild, Alvhild, Bernt Arve, Bodil, Kjersti, Silje, Emilie, Maria, Linda, Fred, Jorunn, Monica ,Johan, Hilde, Helene, Marit, Andrea, Haldis, Kamilla, Bente og Malene.

klokkura 010

Etter Stokkesetra var det store spørsmålet, kvar er Klokkura?

Brått fekk Monica auge på målet, "sjå der er det!"

klokkura 011

Oppe i ura var det dei fleste som tok seg litt drikke i sommavarmen, men Fred hadde høgare mål, han gjekk opp på Stokkehornet frå ura.

klokkura 015

Marit og Andrea (4år)

Dagens yngste deltakar saman med besta.

Ungane var kjempeflinke å gå!

klokkura 018

Her er to av dei eldste og sprekaste, Kari og Alvhild.

klokkura 021

Kanutte tok seg like godt eit bad i Tryvatna, friskt og godt.

klokkura 023

Og medan sola har gått ned nedi dalen, er det framleis sol ei god stund på Tryvatna.

Vi takkar for denne flotte sommardagen og ruslar heim.

Vel møtt neste måndag då er det Olavshola som er målet.