Laurdag kveld fekk eg ein ide om å gå på Skårasalen for å sjå soloppgangen. Som småbarnsmor er det ikkje alltid like lett å få tida til å strekkje til og avtalar til å klaffe, men etter kl. 24 viser avtaleboka ledig…  

Det er heller ikkje flusst med muligheiter for ein slik tur i løpet av eit år, men denne helga hadde eg sjansen og mine to gode venninder Monika Barstad Rebbestad og Kristin Riise (systå) var som vanleg ikkje seine å be..

IMG_1659

På veg oppover ura etter ein lang dag medan sola gjer seg klar til ein ny..

IMG_1660

 Det er lett å gå når utsikta er så fantastisk.

IMG_1675

Vi er komne på toppen og sola tittar fram 03.45

IMG_1702

Meditasjonsøvelse..

IMG_1746

Kristin hjelper sola opp.

IMG_1753

Det var ein nydelig tur! Monika nyt utsikta.. og tenkjer....

IMG_1808_edited

Eit trollsk lite slør av skodde kom rullande over toppen og leika seg i sola..

IMG_1761

Dei vakre sunnmørsalpane...

IMG_1716

Gøyale spensthopp før vi langar avgarde nedover bredane og heim i håp om å rekke å sovne før dei andre vaknar igjen.. :-)

Det vart ein kjempesuksess! Ein flott opplevelse og mange fine bilder.

Takk for turen Kristin og Monika, og takk til fedrene som tok seg av jenten våre søndag førmiddag.