Laurdag kveld fekk eg ein ide om å gå på Skårasalen for å sjå soloppgangen. Som småbarnsmor er det ikkje alltid like lett å få tida til å strekkje til og avtalar til å klaffe, men etter kl. 24 viser avtaleboka ledig…
Det er heller ikkje flusst med muligheiter for ein slik tur i løpet av eit år, men denne helga hadde eg sjansen og mine to gode venninder Monika Barstad Rebbestad og Kristin Riise (systå) var som vanleg ikkje seine å be..
På veg oppover ura etter ein lang dag medan sola gjer seg klar til ein ny..
Det er lett å gå når utsikta er så fantastisk.
Vi er komne på toppen og sola tittar fram 03.45
Meditasjonsøvelse..
Kristin hjelper sola opp.
Det var ein nydelig tur! Monika nyt utsikta.. og tenkjer....
Eit trollsk lite slør av skodde kom rullande over toppen og leika seg i sola..
Dei vakre sunnmørsalpane...
Gøyale spensthopp før vi langar avgarde nedover bredane og heim i håp om å rekke å sovne før dei andre vaknar igjen.. :-)
Det vart ein kjempesuksess! Ein flott opplevelse og mange fine bilder.
Takk for turen Kristin og Monika, og takk til fedrene som tok seg av jenten våre søndag førmiddag.
Kommentarar
Takk for positive tilbakemeldingar på bilda, og god tur til dei som fekk inspirasjon!