Eg har funne fram bilete av "Solingen", ein annan hekksbåt som vart bygd i Bjørkedalen og levert 1934.  Dette var neppe einaste hekksbåten som fanst i Hjørundfjorden på den tida. "Jordmor-Jakob" på Sæbø hadde ein liknande båt, men denne var meir typisk fiskebåt.

Nils J. Urke på Ytre-Urke kontraherte «Solingen» i Bjørkedalen.  Nils hadde bruk for båten til å frakte grønsaker, særleg tomat, hovudkål og blomkål, som vart dyrka fram i gartneriet på heimegarden på Urke. Reisa gjekk i hovudsak til Kiperviktorget i Ålesund, men båten kom til nytte på andre måtar og.  

Solingen

”Solingen” på  ankringsplassen sin  på Urkevika ein godversdag. Det mørke feltet på rorhustaket bar teksta: URKE’s GARTNERI.

Båten vart bestilt og bygt til dette formålet ("skreddarsydd") og vart levert frå Bjørkedalen. Med dette opphavet var båten sjølvsagt ein klinkerbygt trebåt. Lengda på skroget var  32 fot (ca. 10,5 m) og  båten vart rekna som brei i høve til lengda.  Dette ga ei god lasteevne, vesentleg meir enn det ein kunne vente av ein båt med berre 32 fots lengde. Dimensjonane var omlag det same som den nye Bjørkedalsbåten som er omtalt i "Møre-Nytt".

Det vart innsett ein 10 hk «Voldamotor». Nils var ikkje meir enn 27 år då han kontraherte båten, og det var ikkje så underleg at far hans, Johan S. Urke, ville vere rådgjevar då det skulle bestillast motor.  Han meinte at 6 hk måtte vere rikeleg, men slik vart det altså ikkje.  Dei første åra vart det brukt ein vanleg fyrlampe til å gløde toppen før ein kunne starte motoren.  Det kunne ta 10 - 12  minutt og det vart noko seinare kjøpt hurtigfyring som korta oppvarmingstida til 2 - 3 minutt.  Normalfart var 7 knop.

Lasteromet var heller lite, medan lugaren var stor og der var det  plass til både grønsaker og passasjerar.  Om ein ikkje var for plasskrevande, var det mulig å overnatte  10 - 12 personar ombord.  På Urke var der ikkje hamn, men bygda ligg godt i ly for nord- og nordvestvind.   Ein kraftig ¾ toms kjetting  med ein svær stein i  botnenden heldt «Solingen» på plass på Urkevika.  

I heimebygdene vart båten omtala som «Solingen» eller «Urkebåten».  Jørgen Hustadnes brukar ofte siste nemninga i sine dagbøker som er siterte i mange av årsskiritene til Sogelaget..  Men i byen og i Langevåg og andre stader var båten mest kjend på grunn av namneskiltet ”URKE’s GARTNERI” på rorhustaket.

Omlag samstundes som  Nils kjøpte båt i 1934, starta Bernt M. Håndlykken og Jon Klokk eigne gartneri på Urke.  Desse tre vart konkurrentar om kundane når dei kom til torget i Ålesund, men det var likevel samanfallande interesser og god økonomi i å samordne transporten til og frå byen.

«Solingen» vart brukt som både skyssbåt og kyrkjebåt også den tida Nils Urke eigde han. I tidlegare årsskrift har vi merka oss at Urkebåten vart nytta til å hente sild og brisling fra låssteng og truleg frakta til byen.  Bror til Nils, Otto Urke, har opplyst at han brukte båten til ymse ærend utanom torgtransporten. 

Han fortalde om ein gong han frakta koks (til oppvarming i gartneria) som dekkslast frå byen til Urke for Bernt M.  Håndlykken (”BM” –på folkemunne), som og var med som passasjer.  Det var frisk synnavind, og då dei passerte Vegsundet og nærma seg Flisholmen, ville Otto avvente situasjonen i ly av holmen.  BM hadde dårleg tid og ville at dei skulle gå.  Otto var svært ung, 15-16 år, og våga ikke å stå på sitt.  Dermed  sette dei kursen  rett sør over  Flisfjorden.  Men BM syntes nok at dette vart i meste laget etter kvart og kom opp i lugardøra og ville at no måtte han bruke vit og snu.  Men Otto våga ikke å ta sjansen på å dreie båten og få bårene inn frå sida, og no var det han som måtte sette hardt mot hardt og seie frå at no var det for seint å snu.  Og slik vart det og turen gjekk likevel godt.

Otto fortalde og at han var førar av båten alt som 14-åring og gjekk frå Urke til Sæbø med kyrkjefolk ein vinterdag.  Han møtte tjukk snøkave ved Lekneset, men gjekk vidare berre etter kompasskursen og kom i heilt rett retning mot kaia på Sæbø og fekk glimt av land i rett tid.  Truleg var gleda over å sleppe å ro til kyrkje så stor at ein ikke kritiserte at det berre var ein ”gutunge” som var skipper og rorskar. Otto fortalde og at han brukte båten då eit samansett fotballag  frå Urke og Øye spela kamp mot Fyllingen i Langevåg.

Det var nok ei betalingsordning for både passasjer og last-transport, men vi kjenner ikkje til detaljane om dette.  Det er tydeleg at dette skjedde i ei anna tid enn no når ein må ha både sertifikat og konsesjon for å ta med og ta mot betaling frå passasjerar.  Enno ein gong er Jørgen Hustadnes sine dagbøker ei kjelde: I dagboka frå 1938 ser vi at han ein dag «fekk slep med Urkebåten innpå Neset».  23. oktober betalte han «Belett Sæbø - Øye - «Solingen» kr. 1,00» og 6 dagar seinare «Belett «Solingen» til Urke - kr. 0,75».  I andre samanhengar høyrer vi at Urkebåten tok kyrkjebåten på slep.

Vedlikehaldet av «Solingen» gjekk føre seg på litt forskjellige måtar.  På Stennes hadde dei ei så romsleg stø at det var råd å sette fram båten og få han skrapa og stelt under vasslinja.  Siste gongen han var framsett, truleg sommaren 1946, stod han på slippen til Bjarne, Jon og Reidar Urke som vart bygt innanfor elveosen på Urke.  Der var renne (eng. slip = gli) og spel til å dra opp båtar.  Dette var siste botnstellet før båten vart selt.  Han skulle vere presentabel når neste eigar overtok.

Nils J. Urke hadde «Solingen» i 12 år og  selde deretter båten i 1946 til Hjørundfjord kommune og han vart frå då av nytta til kommunal skyssbåt (den første?) og det var både doktor, prest, jordmor og andre som trengde skyss. Kommunen hadde båten nokre år. Etter det vart båten seld til Trandal, til Karl Storeide. Eg erindrar at "Solingen" forliste ved Rynningen og skulle etter det ligge svært djupt og trygt på over 400 meters djupn.