Hjørundfjord bygdemobilisering har lenge hatt på gong eit arbeid med ei ny turistbrosjyre for Sæbø. Ei arbeidsgruppe som har bestått av Irene Osvoll, Ivar Svein Mo, Marit Riise Olsen, Bodil Skare, Bjarne Rekkedal, Per Atle Røe og Haldis Mo har jobba fram tekstar og forslag til turruter. Brosjyrefoldaren skal ha Sæbø som eit utgongspunkt og er beregna for dei turistane som allereie har funne ut kvar Sæbø ligg, og treng ein foldar for å orientere seg om tilboda som er i bygda. Design og det grafiske arbeidet er det Ingvild Steinsvik Mork som står for og som driv eit eige og nystarta designfirma.

Marit,Torbjørn,Irene og Bjarne

Marit Riise Olsen, Torbjørn Slettedal, Irene Osvoll og Bjarne Riise studerer den nye brosjyra

Foldaren kan verke som eit reint kvinneprosjekt, men karane kjem sterkt inn i prosjektet på fotosida. Her har Knut Riise, Marit Riise Olsen, Knut Hustad, Sveinung Walseth, Kjell Johan Aarseth, Håvard Aklestad, Per Atle Røe, Ivar Osvoll, Oddmar Riise og Ivar Svein Mo levert dei fleste bilda som er presenterte i foldaren.

- No måtte vi berre få ferdig ein foldar før sommaren er over, seier Irene Osvoll og Marit Riise Olsen som har vore pådrivarane i arbeidet. Og ikkje minst for å vise at det går ann å få til noko i bygda utan det skal koste all verda. Samtidigt er målet å informere folk om at Sæbø kan være ein god stad å busette seg for unge familiar. Om ikkje alt stemmer med alle sin smak så får det berre stå si prøve, vi står  rakrygga for det vi har gjort uansett! Foldaren har oversiktskart og turkart med norsk og engelsk tekst, og er tenkt i hovudsak å skulle kome til nytte for folk som kjem til Sæbø og vil orientere seg om fotturar og sykkelturar med utgongspunkt frå Sæbø. Men foldaren kan være kjekk å ta med seg for tilreisande og  lokalfolk kan bruke den når dei vil vise fram og fortelje om heimbygda si til slekt og vener.

-  I arbeidsgruppa måtte  sjølvsagt måndagstur -”arkitektane” Bodil Skare og Haldis Mo vere med. Deira kunnskap og erfaring har vore avgjerande for at vi har fått ferdig foldaren i sommar. Bodil og Haldis er lommekjende i alle turmoglegheiter og veit godt  kva folk ynskjer. Seier dei to.

Bjarne,Irene,Marit og Torbjørn
Torbjørn Slettedal her ilag med Irene Osvoll og Marit
Riise Olsen og kunde Bjarne Riise var den fyrste som
fekk presentert nyebrosjyra sist tysdag.

Torbjørn Slettedal ved J.Slettedal as og Hjørundfjord camping er den fyrste som fekk utlevert foldaren.
– So longt kan eg ikkje seie anna enn at dette var ei flott gåve til bygda, seier Torbjørn. I denne veka har vi hatt besøk av ungdommar frå heile landet i forbindelse med ”Tråkkveka”. Dette har vore ei god anledning spreie foldaren  utover heile landet ganske fort. Om sommaren er det oppsving i handel og besøkande og vi ynskjer meir aktivitetar på Sæbø og marknadsføring er vegen å gå, seier turistverten på Sæbø, Torbjørn Slettedal.

Designer  Ingvild er opprinneleg frå Bjørke.
Arbeidsgruppa var på jakt etter eit designfirma, eller ein person som hadde erfaring med å lage slike foldarar og då kom namnet Ingvild  Mork opp. Gruppa kontakta Ingvild og her var det ja og positivitet frå fyrste stund. Ho hadde akkurat sagt opp jobben sin i Havnevik Reklamebyrå og skulle til å drive eige firma, då førespørselen kom frå arbeidsgruppa.

IMGP4624_1
Ingvild Steinsvik Mork har skapt den nye brosjyra. Her med eit prøveutkast.

-Ingvild, er Hjørundfjorden viktig for deg og sidan du hoppar direkte på eit slikt oppdrag?

-Ja eg vaks opp på Bjørke og budde på garden til  bestefaren min på Åkre til eg var 12 år,  så eg føler meg som ein fullblods hjørundfjording og har mine røter her. Eg har eit brennande ynskje om å flytte til Bjørke att. I dag bur eg på Hessa i Ålesund ilag med mannen og dei to døtrene mine.

 -Du er vel sjølvsagt utdanna i dette faget sidan du har jobba som designer?

-Ja eg er er utdanna som designer frå Westerdals reklameskule og har i den seinare tid jobba i yrket i Havnevik Reklamebyrå i  Ålesund.  Eg har også lenge jobba med med illustrasjonar  på si, og kjem forhåpentlegvis ut med mi første barnebok på hausten i år. Der vil folk finne mykje teikningar og farge -illustrasjonar.

forside lysere kattenatt lyssatt lysere monsteret kommer lysere

Ein lite utkast av barneboka som Ingvild skal gje ut til hausten. (Alle bilda kan klikkast på for større format)

-Du nemnde at du ynskjer å flytte til Bjørke?

-Ja, mannen min som er dataingeniør, og eg, ser for oss at vi kan busetje oss i den gamle snikkarverkstaden til bestefar og der Tussa tre as heldt til i den seinare tid. Der vil vi ha kontor for oss sjølve, og kan leige ut kontorplassar til eventuelle trengande som vil slå seg ned i bygda. Vi ser også for oss møterom-fasilitetar, evt. serveringslokale og kanskje også turistutleige.
Planane er ikkje konkret utforma enda, først må det formelle i orden. Men vi har optimisme, arbeidslyst og sterk patriotisme for Bjørkebygda!

Kor langvarig og/eller realistisk prosjektet er, får vi no sjå på. Men eg seier som bestefaren min John Mork: "Om ein so styrer si skute på grunn, så er det da lystigt å segle!" (meget fritt etter Ibsen, trur eg) Seier Ingvild til slutt, med sitt gode hummør.

Brosjyrer

Den tidlegare hjørundfjordbrosjyra ilag med den
den nye brosjyra for Sæbø

Brosjyrefoldaren er finansiert gjennom prosjektmidlar frå Sparebank1
Nye brosjyra med eit opplag på 5400 stk. vert presentert ilag med den tidlegare brosjyra som vart laga og presentert i 2007 i eit opplag på 7500 stk. I 2006 fekk Bygdemobilisering 100 000 kr frå Sparebank1 Volda Ørsta til å marknadsføre Hjørundfjorden. Tradisjonelt ville desse pengane blitt brukt til ein brosjyre som fortalte om det sjå- og kjøpeverdige, dvs. ei salsbrosjyre retta mot nær sagt alle typar kundar. HB valte då å lage ei bildebrosjyre og å bruke meir Hjørundfjordportalen som ei oppdatering av informasjon. Dette arbeidet har av forskjellige grunnar ikkje fått den prioritet som det skulle, og det står ein del att. Den nye brosjyra er i sin heilheit betalt av prosjektmidlane frå Sparebank1 og er ei gåve for å utvikle turistsatsinga i bygdene i Hjørundfjorden.

Brosjyra vert å få tak i ved alle offentlege stadar i Hjørundfjorden etterkvar.

Hjørundfjord bygdemobilisering håper brosjyra kan verte til nytte i bygda.