Vel framme i Oslo kan me konsentrere oss om fotballen. 16 jenter er med og representerar Åmdal/Sæbø/Ørsta/Vartdal i årets Norway Cup.
Veret er ikkje det beste men vi håpar det lettar til i morga!!!

 

DSC_0108

Før første kamp. Litt smånervøse kanskje..
Fremst Kristine Solem, Kathrine Fiksdal og Elen Holen.

Første kampen i puljespelet var mot Søgne. Jentene var litt nervøse litt usikker på kva nivå som var på motstandarane og det vart ein kanonstart. Etter avspark gikk Malene rett på mål og eit av dagens raskaste mål var eit faktum.
I løpet av neste minutt kom mål nr. to etter fint samspel mellom Malene og Maren.
Trykket fortsatte heile første omgong og jentene kunne gå til pause med leiinga 6-1.
Andre omgang fortsatte i same stil og kaptein Ingeborg Halse Ressem leia laget til ein flott siger, 9-1!
Alle jentene gjorde ein flott innsats med målskorarane Malene Aambakk (6) og Maren Nordang (3) i spissen.

DSC_0337

Målvakt Elen hadde ikkje så mykje å gjere men tok flott dei ballane som kom.

 

DSC_0377

Med på laget er f.v. Hilde Clausen, Malene Aambakk, Maren Nordang, Elen Maria Holen, Emilie Cathrin Ville, Kristine Solem, Hilde M.  Sandvik, Gladys Vatne, Ethel Koub Bah Johnson, Kaptein Ingeborg Halse Ressem, Bente Håvoll, Maria Kjelkenes, Sunniva Å. Bjørkedal, Kathrine Fiksdal. Else Marie Stokke og Rebekka Skylstad er skjult bak.

DSC_0373

Jubel etter siger mot Høvik!

Dagens kamp mot Høvik vart heller aldri spennande. Jentene pressa heile tida og viste fint samspel. Malene (3) og Maren (4) samspelar fint framme og stod for dei fleste av måla med fine pasningar frå resten av laget og eit flott mål av Bente der ho kom som ei kanonkule og sklei ballen i mål. Pauseresultatet var 5-0.

Etter pausa vart det litt måltørke men midt i omgangen losna det igjen der bl.a.
Sunniva hadde eit flott mål frå midtbana.
Etter ein flott laginnsats kunne jentene nok ein gang juble over siger 9-1!

Neste kamp er tirsdag kl. 13.00 mot Midsund.