Kampen i dag mot Midsund var ein kamp for puljesigeren.
Jentene var allereie klare for A-sluttspel og måtte tape stort for ikkje å verte puljevinnarar.

Jentene starta litt fomlande men kom etterkvart i siget og spelte godt. Det var flott samspel mellom jentene og god laginnsats med mål av Kristine og Sunniva i ein omgang der jentene hadde mange sjansar som hamna på utsida av målstolpane eller midt på målvakta som var veldig god.
Midsund spelte med eit godt forsvar og det vart ein kamp med mange harde duellar.

DSC_0407

Pause og leiing 2-0.

DSC_0447

Hilde, Kristine og Malene i angrep.

Alle jentene fekk mykje speletid og andre omgang starta omlag som den første. Etter ein kamp der jentene til tider spelte god fotball kunne vi berre konstatere at vi berre er kjempegode til å spele 7-ar fotball!

 

DSC_0433 

Malene (2) fastsett sluttresultatet til 4-0. Flott samspel og flott laginnsats gav puljesiger og dermed skal jentene møte Aksla/Rollon i 1/16 finalen i morga kl. 20.30 på bane E17.

 

DSC_0474

Jubel over siger og puljesiger for tredje år på rad!
Det er absolutt ein prestasjon det står respekt av.

 

DSC_0482

Så tek vi imot hyllest frå publikum, her Åmdal-Tokke.

DSC_0389

Lagbilde.
Bak f.v. Emilie Cathrin Ville, Hilde M. Sandvik, Kristine Solem, Sunniva Å. Bjørkedal og Bente Håvoll.
Rad to f.v. Mari-Anne Bjørdal, Ingeborg Halse Ressem, Rebekka Skylstad, Maren Nordang, Maria Kjelkenes, Gladys Vatne, Ethel Johnson og Roger Holen.
Framme f.v. Else Marie Stokke, Hilde Clausen, Elen Maria Holen, Kathrine Fiksdal og Malene Aambakk.