Sidan jentene no er i A-sluttspelet må dei vinne for å gå vidare. Kampen mot Aksla/Rollon vart aldri spennande til det var jentene for overlegne. Etter to omgongar der alle spelarane fekk mykje tid på bane kunne vi glede oss over kjempeflott samspel og flott keeperspel av flinke jenter!
Maren i fint driv.
Pauseresultatet var 4-0 etter mål av Malene, Maren, Else Marie og Sunniva.
Etter pause kom 4 mål til, der Malene, Maria, Maren og Else Marie fann nettmaskane i ein kamp der sigersviljen lyste av jentene!
Malene og Maren!
Jubel for siger 8-1 over Aksla/Rollon og klare for vidare sluttspel!
Neste kamp er mot Skjervøy i morgon kl. 09.50 på bane E16.
Jentene vann i dag fortjent over Skjervøy i 1/8 finala 6-0 etter mål av Malene (2), Maren, Sunniva, Bente og Emilie og flott laginnsats!
Neste kamp er kvartfinale mot Blindheim kl. 16.40 på bane E17.
Til slutt vart det oppstilling for bilde og interjuv for Sunnmørsposten.
Kommentarar