Turen starta på Leira og gjekk over Åsen og ned til Bjørke                                   På Bjørke fekk turgåarane sjå på Kyrkja-Prillarguri-Jodbuda-kunst og handverk og  i Notahuset fekk dei servert varm fiskesuppe.
Til slutt gjekk vi gamlevegen langs elva opp til Bjørke
og nedatt Brattefjørene.
Litt vått var det til å begynne med men det letta opp i det folket starta på turen.
Det blei ein fin tur med mange opplevingar.

PIC_0001

Mange kom på båt frå Sæbø kl 10 og første stopp var i tunet til Nils og Evy Leira der fekk dei seg varm kaffi og vafler.

Fleire frå Bygda møtte og opp.

PIC_0002

Det står eit flott gammalt Stabbur i tunet til Nils Leira  

 

PIC_0005

Ivar Ølnes til høgre var en av dei som tok  turen over Åsen.Han hadde aldri gått over Åsen før og gledde seg til turen.

PIC_0007

Då Turgåarane kom til Bjørke var første stopp nede ved Telefonkiosken

Litt våte var nokre på føtene men tempraturen i lufta var rundt 14 - 15 grader så det var ingen som fraus.

PIC_0010

Her får dei god innformasjon  om Tunnelen til Leira og jettegryta som dei fann like ved portalbygget til Tussa Kraft 

 

PIC_0012

Turen gjekk så til Bjørke Kyrkje der dei fekk omvisning i Kyrkja                         Det blei stopp ved bautaen  som er oppsett til minne om dei som omkom i Otolulykka                                                                                                 Her fortel Jonny Finnes om Otolulykka som tok 3 kykjebåter

 

PIC_0014

Jodbuda måtte vi så klart sjå på.

Einar Saure fortalte om handelen som hadde foregått her inne på Bjørke.

PIC_0017

Besøket i Jodbuda gav mange minner tilbake i tida.

PIC_0020

Kunst og handverk utstilla på gamlebutikken fekk dei så klart sjå på.

PIC_0021

Ein prat må man ha i godt selskap.

PIC_0024               Ved notahuset møtte vi Siv Saure og foreldra                                                 Dei hadde kokt ei stor gryte med  varm fiskesuppe .

PIC_0028

Det var ei kjempegod fiskesuppe som varmet i en svolten kropp.

Til slutt på dagen gjekk mange gamlevegen langs vikeelva og opp til Bjørke

Mange kulturminner såg vi på og gode historer  blei det manga av før vi gjekk ned att  Brattefjørene.     

Her blei det en stopp ved det gamle huset til lærer Sefland        

PIC_0034

PIC_0036

Tida gjekk så alt for fort og klokka 17 kom bussen og henta turfølget.

Alle var fornøygde med turen i  Storfjorden og ville gjerne tilbake ved eit anna høve.

Vi frå bygda takker alle som møtte opp  og vi håper dere fekk ei fin oppleving og mange minner frå bygda.