Jentene var like blide dei sjølv om det var ei våt og hard tur å gå frå Finnes til Bakkedalen .
Regnet letta opp i det dei kom fram til pauseteltet til ungdomslaget.
Fleire kom det etter kvart så vi blei 60 personer til slutt.
Fleire som var gjester nede i bygda tok og turen til dals sjølv om veret var litt tungt.
Dei 2 siste åra har Skjåstaddalen Frilynde Ungdomlag flytta matteltet 1 km lenger inn mot Bondalsbakken.
Det er flott her inne i dalen.
Det var godt å få seg varm sodd etter en heller våt tur til nå.
Det rauk frå grytene og kokkene var klare med den varme sodden.
Folk kosa seg i teltet med god mat av mange slag og så klart sterk og varm kaffi.
Folket fekk under matpausa og høyre historier om huldra og bjønnajakt i Bakkedalen.
Som vanlig når Ungdomslaget lager til mat her inne på fjellet blei det musikk.
Idar Vatne og sønnen Torstein Mo Vatne gav oss flott musikk som det var en nytelse å høyre på både av oss og av huldra i fjellet.
Torstein spelte sammen med faren fleire stykke men og åleine.
Folk syntest at denne gutten var eit stort talent og han blei dagens gullgutt i Bakkedalen.
Etter god mat og med musikk førde turleiaren Jonny Finnes turfølget vidare over Bondalsbakken og ned til Rognestøylen.
Kommentarar