Heimturen starta onsdag 17. juni kl 07.30.  Mange hadde kasta ein mynt med høgre hand over venstre skulder, (eller var det omvent?), så vi går ut frå at dei kjem tilbake om ikkje altfor lenge.

 

Rom

Etter ein god frukost på hotellet og kontroll av roma var vi klare til å forlate Krakow.
Rebekka er klar og romet i forskriftsmessig orden!

 

Små barn, store gleder

Gi oss ein stol og vi føler oss som små barn igjen..
Rebekka, Emilie og Else Marie.



Vi stoppa for kvilepause for Morten utanfor IKEA. Det forbausa oss litt at butikkjedene var dei same i Polen som her heime. Prisane var rett nok lavare men likevel.
Den første butikken vi gjekk forbi var Cubus..

 

kl 10tur 35

Sidan det var stor fare for at vi kunne svelte ihjel på heimveien, bestilte vi rikeleg med pizza og tok med restane.
Vi har ikkje reist heilt frå Sunnmøre for å svelte..

 

Morten

Sjåfør Morten var ein kløppar på å bevise sine påstandar. Om han hadde rett kvar gong veit eg ikkje, men han overbeviste iallefall oss.. trur eg..

 

Heidi 2  Heidi 4

Då Morten forlet bussen ei lita stund, såg Heidi sitt snitt i å realisere ein gamal draum.
Berre sjå kor fornøygd ho er!
PS. motoren var stoppa...

 

 

Pizza 3

På neste stopp såg vi at vi hadde rikeleg med pizza att og vi tok på oss spanderbuksa!

 

Bilar

Polen var eit fint land og vi var litt forbausa over at det var så likt Norge i standar. Dei fleste bilar var minst på høgd med dei vi finn i Norge og veiane hadde langt bedre standar enn her på våre trakter iallefall.
Må berre legge til at der var flatt og utan stein... 

 

Polen

Kirke var der i kvar liten landsby.

 

kl 10tur 92

Framme i Swinoujscie er vi klare for innsjekking og passkontroll.
Heidi hadde ifølge Morten sølt kaffi i bussen og måtte vaske bussen saman med to Flåtestadelevar..

 

Båt 3

Vel innstallert i båten var det klart for middag som var snitzel.
Etter dette tek vi ein pause frå snitzel som vi fekk servert omtrent til alle måltid etter at vi forlet Sverige.

 Else Marie, Martin og Karl-Erik.

kl 10tur94

Etter maten var det godtehandel i Taxfree butikken og forhandling om leggetid.

Karl-Erik, Tommy, Rebekka, Rakel, Hanne og Else Marie.

 

Båt 5

Klokka er over midnatt og sidan alle hadde vore så kjekke på heile turen vart leggetid satt til kl 02.00. Presis!

 

kl 10 tur 4

Emilie og Rebekka midt i smørauget..

Kl. 06.30 torsdag morgon køyrde vi på land i Ystad og turen heim gjekk radig.

 kl 10tur 95

Mc Donalds på Lillehamar og siste matpause før vi var heime.

Jon-Martin, Martin, Tommy, Martin Luan, Bjørnar og Henning.

 

Fredag grytidleg morgon var vi heime etter ein flott tur som gav oss det Aktive Fredsreise lova, nemleg:
KUNNSKAP, FORSTÅING, ANSVAR, INTIGRITET, FELLESSKAP OG OPPLEVINGAR.

 

kl 10tur 91

Ingemund Midttveit, Heidi Aambakk, Øystein Sørensen, Mari-Anne Bjørdal, Tore Stokke og Martinus Riise.

Elevane våre fekk skryt av både reiseleiar og bussjåfør for fin framferd. 
Vi over 30  seier oss enige og seier TUSEN TAKK FOR TUREN til alle som var med!