Aktive fredsreiser har som visjon "å gi ungdom tro på at konflikter kan løses og at fred kan skapes, og at deres egne holdninger er avgjørende"

 

kl 10tur 71

Heile mandag var avsett til besøk i konsentrasjonsleirane Auschwitz (det tyske namnet på byen Oswiecim) I og II.
Leirane lag ca. 1 1/2 times køyretur frå Krakow og var ein sterk opplevelse. Der vart vi møtt av ein dyktig guide som følgde oss heile dagen.

 

kl 10tur 29

Framfor porten på Auschwitz II, Birkenau.

F.v. Bjørnar Holen, Jon.Martin Mo, Heidi Aambakk, Anita Hurlen Aklestad, Tommy Åmås Midtflå, Emilie Cathrin Skår Ville, Hanne Stokke, Ingemund Midttveit, Else Marie Stokke, Rebekka Skylstad, Rakel Frøland, Martin Luan Håndlykken, Karl-Erik Sæbønes, Martin Dimmen, Henning Solvåg og Martinus Riise. 

 

Leir 5

Første besøk var Auschwitz II, Bikenau. Denne leiren vart bygd i 1941-42 og meint skulle vere sentrum for den total utrydding av jødane og var den største utryddelseleiren nazistane laga.
Over 300 bygningar blei sett opp, og på det meste var her 100 000 fangar.

 

kl 10tur42

Eit lydhøyrt publikum. Ingemund, Bjørnar, Martin Luan, Martin, Emilie, Hanne, Else Marie, Rakel, Anita og Martinus.

 

kl 10tur 19

Ein dyktig guide gav oss eit godt bilde av kva dette dreia seg om sjølv om det er vanskeleg å fatte omfanget av grusomheitene!

 

kl 10tur 27

Alle var prega av alvoret. Ein ting er å lese om det, men å sjå kvar det skjedde er mykje sterkare og det er lettare å fatte.
Martinus, Jon-Martin, Heidi, Martin Luan, Henning og Bjørnar.

 

 kl 10tur 43

Trebygningane var opprinneleg stallar for 52 hestar, dei vart bygde litt om og romma opptil 1000 fangar. (Dvs. at 19,23 personar hadde like stor plass som 1 hest...)

 

kl 10tur 20

Fangane var stua saman fem i kvar etasje i senga, så i kvar seng låg det 15 personar med berre med litt halm i som madrass.

 

kl 10tur 69 

Mursteinsbrakkene. Få av fangane overlevde meir enn ein månad her.

Dei fleste av brakkene berre hadde jordgolv og om vinteren vart desse brakkene grusomt kalde og om sommaren kunne der vere uliderleg varmt fordi mursteinen vart oppvarma.

 

Auschwitz 2 9


Det er vanskeleg å fatte at det hadde vore opptil 100 000 fangar her på ein gong.

 

Auschwitz 2 10

De fleste kvinnene budde i mursteinsbrakkene. Mange av desse brakkene hadde berre jordgolv og om vinteren var her kaldt og rått og dei som låg nederst var alltid våte fordi dei låg rett på golvet der vatnet rann inn.
Også her var fangane stuva tett saman i sengebura i tre høgder.

 

Auschwitz 2 8

Toalettforholda var ikkje noko og skryte av. Kvar fange fekk kome hit to gongar for dag i 30 sekund.
Ein av dei få fangane som overlevde her hadde arbeidet sitt med å tøme doa, ein jobb som ingen misunte han men som gjorde at han hadde det nokonlunde varmt om vinteren.

 

tur kl 10 3

Martin Luan, Bjørnar, Anita, Emilie, Hanne, Heidi, Rebekka, Jon-Martin og Henning.

 

 

 

kl 10tur 44

Hovudbygninga der jernbaneskinnene går gjennom porten og rett til gasskammera og krematoria.

 

kl 10tur 26

For å kunne gasse ihjel mest muleg folk utan at dei forstod kva som skjedde fekk fangane beskjed om at dei skulle få dusje.
Der var fire krematorier, men fordi desse ikkje greidde å ta unna alle som vart gassa ihjel, vart det brent enorme likbål utanfor. I følge leirleiar Rudolf Høss vart 70% av alle som kom hit sendt rett i døden!
Ein rekna med at rundt 1 150 000 personar døde i Birkenau.

 

kl 10tur 70

Mange brakker stod att men veldig mange vart rivne. Då nazistane forstod dei var slått og begynte tilbaketrekkinga, prøvde dei å slette alle spor etter seg og ødelagde mykje av leiren.
Vi ser her bilder av krematoria som vart sletta med jorda.

 

Auschwitz 2 12

Her hadde krematoria stått og i skogen rett bak brann dei enorme likbåla med massegraver rett ved sidan av.
Kvar stein som ligg her vi sit er for ein fange som aldri kom ut herfrå.

 

kl 10tur 28

Elevar frå Flåtestad las dikt ved minnesteinen for dei norske fangane som aldri kom heim mens Jon-Martin la ned blomar.

 Fortsettelse kjem i morgon.