Den mørklagde vegstrekninga frå Øyragata på Sæbø og fram til klubbhuset og skulen har i mange år vore eit stort problem.  Men endeleg - denne veka fekk Tussa sett opp dei fire gatelysa og dermed har denne namnlause gata vorte mykje tryggare både for skuleelevar og andre som går her i den mørke årstida.

IMGP1591 kopi

Her ser vi to av dei fire gatelysa som no er komne på plass.

Det er Hjørundfjord bygdemobilisering som har teke initiativet til å få desse gatelysa på plass, men det er Johannes Halland, lærar ved Sæbø skule, som har vore primus motor og sytt for at denne gatestubben endeleg har fått gatelys.

IMGP4747

Johs. Halland

Men når kommunen knapt har ei krone til slike viktige tiltak er det andre som må ta seg av finansieringa.  Og det er vel berre å slå fast at utan Gjensidige-fondet hadde vel elevar og andre framleis måtte ha gått i stummande mørke til skulen seinhaustes og vinterstid.  Bygdemobiliseringa søkte Gjensidige-fondet om kr 40.000,- til gatelys og fekk det.  Men det viste seg at det måtte meir pengar til - i all den dag heile prosjektet kosta kr. 102.000,- inkl. m.v.a.  Johs. Halland er svært takksam for at både Sæbø IL, Hjørundfjord Camping, foreldregruppa ved Sæbø skule, Hjørundfjord bygdemobilisering, Ørsta kommune og naboar har vore med å losa prosjektet i hamn økonomisk.

Om det seinare vert ei offisiell opning med snorklipping kan ikkje ein ferierande Johs. Halland love, men han vil i alle høve syte for at t.d. Gjensidige-fondet får foto og brev som syner at no er prosjektet endeleg i hamn.

IMGP1587 kopi

Først vart det bestemt at det skulle nyttast trestolpar og kabel i luftspenn, men no er elegante stålmaster og nedgraven kabel på plass.