- Eg skal vise deg ein løevegg med ei handmjølkande Gro på, sa Trond. Ikkje lenge etter var vi der, rett ved måleriet av kua som vart mjølka av dåverande statsminister Gro Harlem Bruntland. Skal tru om han som måla dette kunstverket hadde gjort det om igjen om han på førehand hadde visst kva rabalder dette måleriet skulle føre til?
Gro, kua og EU-bøtta.
Kua og Gro kom opp på denne løeveggen på fire timar ein laurdags føremiddag under EU-kampen i 1994. Det var bonde Leif Jan Hammerstad i Vang i Valdres, som er kjend for å finne på ulike sprell, som fekk ideen til kua og Gro. Han tok kontakt med avisteiknar Herbjørn Skogstad som så laga ei teikning. Men korleis i alle dagar skulle ein få omgjort teikninga til eit kuntverk på ein løevegg?
Løysinga vart ein kunstnar i nabokommunen Øystre Slidre, namnet var - og er - Sigmund Årseth. Arbeidet med å få laga kunstverket måtte gjerast nærast i løynd for dei frykta at Statens Vegvesen skulle lage bråk. Sigmund fekk, ved hjelp av sonen Gudmund, altså kua og Gro opp på veggen i løpet av fire timar ein laurdags føremiddag.
Om det vart bråk etterpå? Sjølvsagt vart det det. Statens vegvesen gjorde vedtak om at kunsverket måtte målast over - det var fare for at måleriet kunne føre til trafikkulykker, vart det hevda. Men løeeigar Hammerstad nekta å gje etter og etter kvart tok EF-general frå 1972, Arne Haugestad, saka. Og ikkje berre tok han saka - han vann også og den dag i dag kan du sjå kunstverket på denne løeveggen like ved europavegen gjennom Vang i Valdres.
Ingebjørg og Sigmund
Ved eit reint tilfelle kom kona mi, Jane, og eg over denne kunstguiden og sjølvsagt måtte vi ein tur innom det vakre tundet til Ingebjørg og Sigmund i Volbu i Øystre Slidre. Og la det vere sagt med ein gong - vi var svært heldige fordi Sigmund hadde seg ein lopradag, som han sa. Vi fekk omvisning, vi fekk historier og ikkje minst - vi fekk oss ein humordose som varde heile turen heim.
Eg starta med kua og Gro, dvs. den humoristiske sida av Sigmund som han gjerne kombinerer med alvor. Men denne dagen hadde den seriøse kunstnaren Sigmund nettopp fått vite at verdens største produsent av flymotorar, Pratt & Whitney, ville at Noreg skulle vere representert i den neste kalenderen deira. Eit norsk kunstverk skulle på kalenderen og valet deira hadde falle på eit måleri av nettopp Sigmund Årseth. Det er vel lov å ta seg ein lopradag ved eit slikt høve?
Vi som er busett i Hjørundfjorden kjenner nok mest til Sigmund sine måleri med hjørundfjordmotiv - og ikkje minst motiv av Slogen. No er denne skrivaren slett ingen målerikjennar, men eg våga meg likevel frampå med litt mild refs til Sigmund. I atelieret har han nemleg utruleg mange andre vakre motiv, ikkje minst av blomar. Ein vert berre i godt humør av å sjå på dei. I tillegg har Ingebjørg og Sigmund reist mykje, ikkje minst til USA, men også til Tyrkia, Egypt, Italia og fleire andre land. Sigmund har mange vakre måleri også frå desse turane.
Våningshuset til Ingebjørg og Sigmund i bakgrunnen. Underetagen er heile 350 år gammal.
Tunet og atelieret til Ingebjørg og Sigmund er vel verd ei vitjing. Opningstidene frå 20. juni til 15. august er frå 10 til 17 (laurdag 10-15), men Sigmund seier at han gjerne tek imot besøk på kveldstid. Om kvelden har han mest tid til ein prat for dagane vert gjerne travle desse sommarmånadane. For eiga rekning kan eg legge til at du forstår nok at det kan vere klokt å gjere ein handel også om du er så klok at du tek denne vesle avstikkaren frå rv. 51 over Valdresflya...
Kommentarar