Woodleg

Adam Douglas og Woodleg Odd skapte stemning på Trandal under bluesfestivalen fredag. Ukjent for hjorundfjord.no sine lesarar.

 

Hjørundfjordportalen er viktig for identiteten til Hjørundfjorden. Sidan den spede starten for fire år sidan har portalen vorte kjær for mange, meg inkludert. Her har vore presentert nyhende, hendingar og meiningar frå og om fjorden. Den siste tida kan eg likevel ikkje fri meg for å seie at portalen har vorte mindre interessant for meg.

No vil nok nokon tenkje: dette skriv han fordi folk skal lese Møre-Nytt og ikkje portalen. Slik er det ikkje. Som redaktør i Møre-Nytt er eg sjølvsagt oppteken av at alt stoff frå Ørsta kommune skal kome først og best i Møre-Nytt, også frå Hjørundfjorden. Likevel har eg kjensler for portalen, og eg likar han svært godt.

Det som gjer at eg skriv denne kommentaren er at det ikkje har stått eit ord om Trandalblues, verken før eller etter arrangementet. For portalen sine lesarar, og som ikkje har lese Møre-Nytt eller Sunnmørsposten: Det var 1.200 personar til stades på bluesfestivalen på Trandal sist helg. Makelaust!

Eg veit korleis portalen er bygt opp. Det handlar om dugnad, og det handlar om at lista er låg. Kanskje har ikkje denne bodskapen nådd ut. Det skal ikkje koste så mykje å leggje ut eit eller fleire bilete og ei lita tekst frå ei hending, og det er eit ansvar for kvar og ein av oss.

Kvifor er dette viktig for meg? Jau, fordi portalen har ein misjon med å vise aktivitetstilbodet i Hjørundfjorden. Merkenamnet hjorundfjord.no vert brukt i brosjyrar og på nettsider. Folk frå andre stader leitar seg fram til portalen, på jakt etter kva Hjørundfjorden kan tilby. Det folk då vil lese er fjellturar og atter fjellturar. Sommar som vinter. Men knapt noko anna.

 

IMG_7433

Innehavar av Christian Gaard, Frank Storeide, flankert av to av arrangørane av Trandalblues, Knut Brekke og Terje Myklebust. Dei arrangerte ei fantastisk hending som hjorundfjord.no sine lesarar ikkje har fått vite om.

For å gjere ein ting heilt klart. Det står ikkje for mykje om fjellturar på portalen. Det står for lite om alt anna. Dette er ingen kritikk av dei som skriv om turar. Til dei seier eg : stå på, skriv like mykje og like godt, og legg inn endå fleire fantastiske og flotte bilete.

Eg har også registrert kritikk om at nokre av fjellturreportasjane vert for personlege. Då seier eg, skit i kritikken, ver personlege. Det er godt stoff, og gjev artiklane ein ekstra dimensjon.

Då er spørsmålet, korleis skal vi få inn anna stoff. For det første: arrangørar av arrangement må bruke portalen. For det andre: ikkje ver redd for å leggje inn stoff. Har ein teke eit bilete, legg det inn, og skriv ei lita tekst. Ikkje ver redd for skrivefeil. Ta kontakt med dei som er nemnde som ansvarlege for portalen om ein treng hjelp.

Til slutt vil eg oppmode redaksjonsnemnda til portalen om å ta seg ein debatt, og vurdere om ein skal engasjere folk til å skrive om ymse hendingar. Det må skje på dugnad, og det krev tid. Likevel er det eit tillitsverv på line med eit anna. Og å ta tillitsverv, det er vi flinke til i Hjørundfjorden.