Adam Douglas og Woodleg Odd skapte stemning på Trandal under bluesfestivalen fredag. Ukjent for hjorundfjord.no sine lesarar.
Hjørundfjordportalen er viktig for identiteten til Hjørundfjorden. Sidan den spede starten for fire år sidan har portalen vorte kjær for mange, meg inkludert. Her har vore presentert nyhende, hendingar og meiningar frå og om fjorden. Den siste tida kan eg likevel ikkje fri meg for å seie at portalen har vorte mindre interessant for meg.
No vil nok nokon tenkje: dette skriv han fordi folk skal lese Møre-Nytt og ikkje portalen. Slik er det ikkje. Som redaktør i Møre-Nytt er eg sjølvsagt oppteken av at alt stoff frå Ørsta kommune skal kome først og best i Møre-Nytt, også frå Hjørundfjorden. Likevel har eg kjensler for portalen, og eg likar han svært godt.
Det som gjer at eg skriv denne kommentaren er at det ikkje har stått eit ord om Trandalblues, verken før eller etter arrangementet. For portalen sine lesarar, og som ikkje har lese Møre-Nytt eller Sunnmørsposten: Det var 1.200 personar til stades på bluesfestivalen på Trandal sist helg. Makelaust!
Eg veit korleis portalen er bygt opp. Det handlar om dugnad, og det handlar om at lista er låg. Kanskje har ikkje denne bodskapen nådd ut. Det skal ikkje koste så mykje å leggje ut eit eller fleire bilete og ei lita tekst frå ei hending, og det er eit ansvar for kvar og ein av oss.
Kvifor er dette viktig for meg? Jau, fordi portalen har ein misjon med å vise aktivitetstilbodet i Hjørundfjorden. Merkenamnet hjorundfjord.no vert brukt i brosjyrar og på nettsider. Folk frå andre stader leitar seg fram til portalen, på jakt etter kva Hjørundfjorden kan tilby. Det folk då vil lese er fjellturar og atter fjellturar. Sommar som vinter. Men knapt noko anna.
Innehavar av Christian Gaard, Frank Storeide, flankert av to av arrangørane av Trandalblues, Knut Brekke og Terje Myklebust. Dei arrangerte ei fantastisk hending som hjorundfjord.no sine lesarar ikkje har fått vite om.
For å gjere ein ting heilt klart. Det står ikkje for mykje om fjellturar på portalen. Det står for lite om alt anna. Dette er ingen kritikk av dei som skriv om turar. Til dei seier eg : stå på, skriv like mykje og like godt, og legg inn endå fleire fantastiske og flotte bilete.
Eg har også registrert kritikk om at nokre av fjellturreportasjane vert for personlege. Då seier eg, skit i kritikken, ver personlege. Det er godt stoff, og gjev artiklane ein ekstra dimensjon.
Då er spørsmålet, korleis skal vi få inn anna stoff. For det første: arrangørar av arrangement må bruke portalen. For det andre: ikkje ver redd for å leggje inn stoff. Har ein teke eit bilete, legg det inn, og skriv ei lita tekst. Ikkje ver redd for skrivefeil. Ta kontakt med dei som er nemnde som ansvarlege for portalen om ein treng hjelp.
Til slutt vil eg oppmode redaksjonsnemnda til portalen om å ta seg ein debatt, og vurdere om ein skal engasjere folk til å skrive om ymse hendingar. Det må skje på dugnad, og det krev tid. Likevel er det eit tillitsverv på line med eit anna. Og å ta tillitsverv, det er vi flinke til i Hjørundfjorden.
Kommentarar
Årsak til det er at eg har blitt bedt om å ikkje skrive her om ditt og datt.
Er det pressefriheit på portalen.
Bedre å ikkje skrive då sleppe man kjeft av folk for ditt og datt.
Har eg blitt feig.
Prøv!
Det er alltid kjekt å høre hva ungdom holder på med.
Hjørundfjordportalen er til uvurderlig hjelp for den som er ansvarlig for diverse arrangement i Hjørundfjorden. For meg som jobber på andre siden av Bondalseidet, og dermed ikke har daglig kontakt med "børsen" på Sæbø, er den også viktig for å kunne holde seg noenlunde orientert om hva som skjer/har skjedd. Forutsatt at noen tar på seg å legge det inn.
Trandalblues er nevnt her. Jeg undret meg over at arrangørene ikke hadde lagt dette inn i aktivitetskalenderen. For kommersielt? Javel, men jeg mener de som driver hotell, serveringssted, båtskyss, bakeri, butikk osv. må kunne bruke aktivitetskalenderen de også dersom de har noe å melde.
Mange vegrer seg mot å skrive på portalen og av den grunn kommer det heller ingen omtale av arrangement i etterkant. Gjør en avtale med noen! Det må ikke nødvendigvis være arrangøren selv som skriver artikkelen. Det er heller ikke nødvendig med all verden av tekst. Bilder med små kommentarer er like kjekt.
Men, administrator, er det ikke snart på tide at overnattingsmuligheter i fjorden legges ut på framsiden?
Vi har hatt trufaste bidragsytarar som jobbar jamnt med stoff, og som vi har sett, så er dette ofte noko som må gjerast om natta, då ein ikkje kan bruke tida si på dagtid. Dette sliter på den som gjer dette for å skape eit felleskap. Og til alle andre som ikkje kan tenke seg å skrive; det kostar så lite å gje litt rosande omtale til ein artikkel eller nyhende og det betyr så mykje for den som skriv. Den som ikkje vil ha kommentar kryssar av for det, og då slepp ein den belastninga det er å få sur kritikk.
Som Perry skriv i sin kommentar, så høyrer vi ofte eit sukk frå folk når vi møter med kamera ”Skal det no skrivast på portal att!” Perry har vore ein god bidragsyter frå Bjørke til portalarbeidet og gjort ein innsats for å binde saman Hjørundfjorden. Frå Norangsfjorden har vi hatt mange gode innslag frå Urke, men Øye og resten av fjorden veit vi nesten ingenting om.
At ikkje aktørar som hotellet, fjordabåtane, reiselivsnæringa, kyrkja, lag og organisjonar vil bruke det gode gratistilbodet portalen er, til meir å informere og å fortelje om seg sjølv synest vi i portalleiinga er merkeleg. Vi aksepterer ikkje ei direkte annonse på framsida, men ved å bruke eit bilde og ei lita forteljing om hendinga eller bodskapen som ein vil ha fram, så er det med ein gong ein artikkel eller nyhende. Eit positivt døme på korleis det skal gjerast kan vi vise til nemnda for Hjørundfjorddagane som informerte og hadde innslag om tilboda sine. Den innsatsen som var gjort av dei, fekk vi sjå på sjølve dagane med eit rekordframmøte.
Vi har ei portalleiing som skal sjå til at alt går som det skal, men ingen er tilsett å skrive eller ha noko som helst slags plikt å skaffe stoff. Den av oss som har prøvd seg på nyheitsstoff har fått merke det i etterkant og vi har fått vite at Hjørundfjorden er for liten til den slags.
Når det vert etterlyst stoff om Trandalblues, så er det skuffande at arrangørane her ikkje har teke seg tid å legge ut noko på portalen eller sendt pressemeldingar med bilde til oss, så kunne vi være behjelpeleg med å legge det ut. Gode bilder og nokre linjer om stemninga som var denne kvelden på fjorden hadde vore godt stoff og kunne medverke til at folk ikkje såg på portalen som eit organ berre for Sæbø og Bondalen.
I løpet av hausten og vinteren må vi ta stilling til kva vi skal gjere framover. Korleis skal portalen organiserast? Skal vi legge inn overnattingar og tilbod frå næringslivet må einkvan gjere arbeidet og det kostar, og då må dette betalast av dei som har nytte av det.
Er portalen eit gammaldags media og må berre fyrst som sist sjå seg slått av Facebook?
Iløpet av september skal styra i laga i Hjørundfjorden innkallast for å kome med sitt syn, og bestemme korleis frivilligheitsarbeidet skal førast vidare i fjorden, bla. portalen. Ein konstruktiv debatt her på portalen vil gje gode innspel til dette møtet.
Skulle nokon ynskje brukarkveldar der vi får lære meir om portalarbeid, så må vi få høyre om det.