Det var Bondalen Helselag som var arrangør , men fredag kveld møtte folk opp frå heile Hjørundfjorden for å ta avskil med Kari og Bruno Hame.  Det vart ein flott folkefest på plenen utanfor Hjørundfjordheimen.

IMGP1442 kopi

Mange møtte fram for å takke dokter Hame for innsatsen i Hjørundfjorden gjennom snart 35 år.

Legen som var i Hjørundfjorden før Bruno Hame kom, likte å slå av ein prat med folk - han var visstnok ein ekspert på det som på engelsk vert kalla "small talks".  Så kom ein ny lege.  - Tja..., han seier lite, var det beste nokre kunne seie om den nye legen. 

No, etter 35 år, har denne mannen - som dei fleste har oppdaga også har glimt i auget - blitt så populær og omtykt at hjørundfjordingane med glede hadde takka ja til 35 nye år med denne legen - om det hadde vore mogleg.  Det må vere konklusjonen etter helsingane Bruno Hame fekk frå Sæbø/Bondalen ved Bjarne Hustadnes, frå Storfjorden ved Johnny Bjøringsøy, eller frå Norangsfjorden ved Nelly Urke.

IMGP1437 kopi  IMGP1446 kopi

Tidlegare lærar ved Sæbø skule, Anders Roald(t.v.) var sentral på avskilsfesten.  Men han heldt ingen gravtale - med diktlesing, skjemt og gauk fekk han opp humøret til dei frammøtte.  I midten ser vi Andreas Hustad og til høgre Bodil Skare som leidde festen.

Når det er fest høyrer mat med - mat på fat denne gongen.  Etter oppmoding hadde svært så mange med seg så mykje mat at det vart reine overfloda så det vart nok ekstra kaffimat til dei som bur på Hjørundfjordheimen i fleire dagar framover.

No fekk Bruno Hame ikkje berre helsingar, han fekk også gåver.  Rett nok hadde ikkje Johnny Bjøringsøy med seg gåva frå Storfjorden - tida har ein tendens til å gå litt fort -  minnte han om, men han lova at gåva ville kome.   For, som han sa, vi er nok like glade i dokteren vår vi som de på Sæbø.

IMGP1426 kopi

Bruno Hame(t.h.) i ferd med å plante eit tre - eit hjartetre.  Sjefen på Hjørundfjordheimen, Knut Åmås, hjelper til med ei støttande hand.

Men Bruno Hame fekk ikkje berre ta imot.  Nei, han måtte kort og godt gjere ein fysisk innsats.  Han måtte plante eit tre midt på plenen, godt synleg, til Hjørundfjordheimen.  Hjørundfjordingane vil ha eit minne etter han som truleg vert den siste, faste tilsette legen i Hjørundfjorden.  At det var eit hjartetre som vart valdt var ikkje tilfeldig, kunne vaktmeister Sigve Aklestad fortelje.  Hjartet viste til Hame si legegjerning i Hjørundfjorden, men også - og ikkje minst - til dokteren sitt hjartelag.

IMGP1435 kopi

Hjartetreet er planta. Kari og Bruno Hame kan reise frå Hjørundfjorden i trygg forvissing om at dei er velkomne attende på besøk når det måtte passe.

IMGP1448 kopi

Mange ville seie det som Hame har sagt i alle år: HA DET.