20-26 juli var mi første veke i ferien og avsett til brekurs på Bødalsetra. Bødalsetra er ein freda støyl som er rik på historie. Det er bilveg berre 300 m frå støylen, likevel ligg støylen godt skjerma. Rett over støylen ligg Skålbreden, den har også som mange andre bredar trekt seg tilbake opp igjennom åra og kalvar ikkje så ofte som før. På støylen står det skilt til Jostedalsbreden si Dronning Lodalskåpa (2083 moh). Bødalsbreden var vår  leikegrind denne veka og det tek om lag 45 min gange inn til brearmen.

Innkvartering var på ei enkel, men fin hytte utan innlagt vatn eller straum. Fleire personar delte rom saman. Kjøkkenet har gassbluss, gryter og litt dekketøy. På
Bødalsetra er det ikkje dekning for mobiltelefon :-) :-).

Innhaldet på kurset har vore det same i mange år, men rekkefylja varierer noko avhengig av snø/isforhold og veret. Breis om sommaren er både våt og skitten, breskit kan vera vanskeleg å fjerne frå kleda. Solide fjellsko og gamasjar, tette ytterklede som gore-tex, tette og slitesterke hanskar/vottar, kart og kompass,
sovepose og liggeunderlag var noko av personleg utstyr som skulle vera med.
Breutstyr kunne leigast.

Måndag kveld var det oppmøte, 7 spente og forventningsfulle kursdeltakarar vart møtt av 2 smilande jenter (instruktørar) som vi håpte tok godt vare på oss desse dagane. Etter presentasjon av instruktørane, deltakarane og kursopplegg tok undervisninga til. Vi tilpassa utstyr, lærde bruksområde og øvde knutar.
Tysdag oppheld vi oss heile dagen på blåisen. Vi øvde gangteknikkar med og utan tau, innknyting og vegval. Allereie denne dagen fekk deltakarane sjølve leie taulaget. Om kvelden var det teori om redningsteknikkar i blåis.
Onsdag: Første del av dagen gjekk med til redning i blåis. Her vart den første i taulaget firt ned i ei bresprekk og dei andre i taulaget skulle først sikre den ”forulykka” og deretter få han/ho oppatt på breden på ein rett og skånsam måte. Alle fekk delta på dei viktigaste plassane i taulaget. Etter matpause var det vandring i lett og vanskeleg is der vi øvde på plassering av sikringar og vegval. Om kvelden var det teori om redning på snø, sikringsteknikk og vegval  i vanskelig is og snø.
Torsdag var det redning på snø fram til lunsj. Etterpå gjekk vi i vanskeleg is og snø. Tema for teori om kvelden var orientering på bre, snøbakketeknikk og alpine farar.
Fredag var den store turdagen. Lodalskåpa var sett opp på programmet, men torsdag kveld under planlegging av neste kursdag fekk kursdeltakarane velja mellom tur på Lodalskåpa eller å gå opp heile Bødalsbreden (brefallet) og over breplatået og ned Brattebakken (der råsa til Lodalskåpa går ned i dalen) og ned på Bødalsetra. Vi rekna turen ville ta mellom 11 og 14 timar alt etter kor mykje vanskar vi trefte på under vegs. Som venta valte vi tur opp brefallet.
Fredag vart ein lang dag, allereie kl.08.00 var vi klare for avgang frå Bødalsetra. Å
gå inn til brearmen på Bødalsbreden tek om lag 45 min og er såleis ei god oppvarming før ein får is under føtene. Tidlegare i veka var det ein del regn, men
denne dagen var det gode utsikter til litt sol. Etter 3 dagar i blåisen hadde det no vorte rutinar med på av utstyr, utlegging av tau, inn knyting i taulag og kameratsjekk. Det nedste partiet på breden (blåis) forserte vi ganske så raskt, tidlegare i veka hadde vi funne ein veg som vi kunne gå utan å sette inn sikringar og sparte såleis mykje tid.
På ca 1100 moh møtte vi snø, etter kvart som vi vandra oppover breden vart det mange og store sprekker, mange sikringar måtte til og gleda var stor for kvar høgdemeter vi forserte. Vi kom oss opp til 1600 moh (nesten opp på Breplatået), her vart vi møtt av dårleg is med store snøbruer som ein ikkje kunne gå på. Dei fleste av oss forstod fort at hit men ikkje lenger kom vi i dag ;-(, våre to dyktige instruktørar vilde også så gjerne over breplatået i lag med oss, men her som alle andre plasser må det visast  respekt for den mektige naturen og ha fokus på sikkerheit heile tida. Oppturen til 1600 moh vart ein liten nedtur då me måtte snu, men ein dag fullspekka med utfordringar (tisse innbunde i tau :-)) vanskelige forseringar, bratte snøbakar (25-30%) og fint ver, vart dette ein fantastisk dag på breden. Vi kom tilbake til hytta kl.20.00.
Laurdag vart tilpassa til den enkelte sitt ynskje, eitt taulag gjekk i vanskelig is, det andre klatra og rappellerte på topptau. Om kvelden var det avslutning med evaluering. Søndag pakkar vi saman og reiste kvart til vårt utover formiddagen.

P1020118

Før ein kjem fram til breden må hjelmane på. Dette vart gjort på eit svaberg ca 300m frå breden.

P1020117

Bødalsbreden

P1020121

Å ta bilete når ein vandrer i tau på bre er ikkje det enklaste, derfor vart camera berre med ein dag. Bileta som er vist er frå den store turdagen.

P1020125

Bakerst på bilete står Henrik som leia mitt taulaget oppgjennom breden, i framgrunnen instruktør Elin som er frå Sverige

P1020127 

 

 

 

 

 

 

 

P1020126

 Å gå i isen er spesielt tungt for leggmusklane.

P1020132

Oppover, oppover ......

P1020133

Linda var bakerst i mitt taulag. Karsten leia det andre taulaget, Silje (instruktør frå Mosjøen) og Kristin bakerst.

P1020134

Her forbereder vi oss til vår første matbit på breden denne dagen,

P1020137

om nokon har knytt seg ut av tauet under ei pause er det obligatorisk kameratsjekk etter inbinding. Når vi kom opp i snø fekk ingen binde seg ut.

P1020142

Langt nede i dalbotnen ligg Setrevatnet

P1020146

Bratte bakkar

 P1020147

P1020149

P1020150

P1020156

Ei stor solid snøbru vart kryssa

P1020157

Hit, men ikkje lenger. Det første taulaget står på 1600 moh og konstanterer at det blir ikkje noko vidare ferd oppover og innover breden.

P1020159

Store sprekker

P1020160

Fint, men farleg

P1020164

 

 

P1020158

Silje og Elin diskuterer eit muleg vegval, men kom fram til same konklusjon. Vi stoppar her :-(

P1020165

Svoltne kroppar har fått seg mat og ein velfortent pust på breden. Nedturen har byrja.

P1020169

Silje og Elin nede ved brefoten

P1020177

Grilling på støylen laurdag kveld. Jari og Kristina er frå Finnland, dei hadde vandra ei veke i Jotunheimen før dei kom til Bødalen på brekurs.

P1020175

Frå venstre. Kristina, Jari, Hildegunn, Elin, Linda, Karsten, Silje, Henrik og Kristin