Strikkekafeen på Sæbø har fått tilbakemeldingar på at loppemarknaden i fjor var eit kjekt og vellykka tiltak, difor satsar vi på nytt denne hausten. Tid er ikkje fastsett ennå, men det vil nok bli i løpet av oktober.

Vi håper at mange vil ha dette i tankane framover og ikkje kastar det de ikkje treng lenger.

Gjenbruk er in i tida, kanskje nokon ser seg nytte i det du ikkje vil ha....

Vi tek imot alle slags "lopper", men ikkje kle, kvitevarer og store møblement. ( tid for levering kjem vi tilbake til)

Overskotet vil verte delt på tre: strikkekafeen, generasjonskorpset og til eit trivselstiltak i bygda.

Har du spørsmål, kan du henvende deg til

Ann Helene Urkegjerde  95054178

Ingvild Åmbakk            90631014

Haldis Fiskå Mo             90014323