-19.-25. juli arrangerer friluftsgruppa Tråkk sin 11. sommertur. Denne gongen har valet falle på Sæbø.

IMGP4602_1
Sæbø skal i år vere vertskap for Tråkk 09.

Forrige gong vi hadde sommertur på Sunnmøre var i 2004, då vi var på Standaleidet. Sommerturene har berre blitt meir og meir populære. Men for å bevare noke av intimiteten, er det sett eit tak for antal deltakara. I år vart  det 270 deltakarplassane fylt opp i løpet av eit par timer.

- seier leirsjefane Eivind Damsgaard og Ingrid Døskeland Thaule

 Og kva er Tråkk?
-Tråkk er en tverrkyrkjeleg friluftsgruppe for unge voksne mellom 25 og 45 år. Tråkkgrupper er no etablert i Stavanger, Oslo, på Sørlandet, i Bergen og Trondheim. Hovudmålet er å skape friluftsopplevelsar i variert natur, og i et positivt og inkluderande fellesskap. Sommarturen er eit samarbeidsprosjekt, der alle Tråkklaga  i Norge er med og arrangerar. I tillegg har vi med personar tilknytt til Nordfjord Folkehøgskule som har ansvar for nokre av turane.

Slogen, padling og fisking (foto Ole Kristian Aske
Kajakkpadling med Slogen i bakgrunnen.
foto Ole Kristian Askeland

Det er friluftsaktivitetar på alle nivåar med fjellturar, klatring og kajakk.

Av fjelltoppar vi skal bestige kan vi nemne Saksa, Slogen, Råna, Skårasalen, Dalegubben, Grøtdalstindane, Fingeren, Kolåstinden, Bladet og Jønshornet. Det blir også padling med kajakk i Hjørundfjorden.

IMGP1441_1
Hjørundfjord kyrkje

 

Det vert daglige kveldssamlinger der temaet i år er "Kvilepuls".
-Vi ynskjer å fokusere på kor vi finne kvilestadar i ein travel og krevjande kvardag og på kva vi har i Gud i alle livets situasjoner.

Eit av arrangementene våre er også opne for andre: Kveldsamling i Hjørundfjord kyrkje tysdag 21.juli kl.20.30. , -seier leirsjefane

 

 Arrangementet er lokalt forankra.
Vi har hatt godt samarbeid med lokale personer. Eldbjørg Tverrgrov, Åshild Taklo, Ann-Helene Urkegjerde og Ståle Aklestad er dei vi har mest kontakt med. På søndagskvelden vert det samling på Kapteinkvia med opning av ordføraren i Ørsta, Gudny Fagerhol. Vi har fått frilufts- og kjentmann Thomas Hame til å halde eit koseri om Hjørundfjorden. Her vil han fortelje om kultur, naturopplevingar og historiske hendingar.

IMGP4528_1

Hjørundfjorden har ein fin badetemperatur no. Bruk
badestranda, anbefaler dei lokale kontaktene.

Vert véret fint, greier dei fleste seg i telt, men skulle det verte regn og dårleg vér så er det godt å kome i hus og å få tilgong til dusj og toalett. Vi har leigd bedehuset, klubbhuset til idrettslaget og deler av skulen til dette føremålet. Teltleiren blir i området rundt skulen. Våre lokale kontakter anbefaler eit bad i fjorden etter ein varm fjelltur. Hjørundfjorden er varm no etter det fine véret vi har hatt, og har ein badetemperatrur på +17 grader.

Leirbål (foto Frode Høyte)

Kveldsamlingar rundt
leirbålet kvar kveld.
Foto Frode Høyte

Kveldsarrangementa blir på Kapteinkvia dersom véret er bra.

 

Takk til alle de på Sæbø som har vore så imøtekommande og positive!

Vi gler oss til en spannande veke på Sæbø!- avsluttar Eivind og Ingrid

 

For meir informasjon om Tråkk og arrangementa, gå inn på www.trakk.no Her finn du dagsprogramma for Tråkkveka på Sæbø.