Jorunn er fødd og voks opp på Maude, men flytta seinare for å ta utdanning. Ho prøver likevel kvar sommar å få seg ein tur til heimstaden. 

I år ville ho ha eit nytt kart, fann ho ut.

- Det var heilt tilfeldig. Eg såg etter eit nytt, greit Norgeskart og etter å ha betalt, ser eg at det verka veldig kjent biletet på framsida av kartet, seier ho.

Norgeskart Maude

Med sans for vakker natur: Maude i framgrunnen. Slogen, Skruen, Keipen og Middagshornet som bakgrunn.

Med det er historia fortalt. Forleggaren har i alle fall funne fram eit flott motiv som i dette tilfellet står som representant for vakker norsk natur. Eit godt val!