Jorunn er fødd og voks opp på Maude, men flytta seinare for å ta utdanning. Ho prøver likevel kvar sommar å få seg ein tur til heimstaden.
I år ville ho ha eit nytt kart, fann ho ut.
- Det var heilt tilfeldig. Eg såg etter eit nytt, greit Norgeskart og etter å ha betalt, ser eg at det verka veldig kjent biletet på framsida av kartet, seier ho.
Med sans for vakker natur: Maude i framgrunnen. Slogen, Skruen, Keipen og Middagshornet som bakgrunn.
Med det er historia fortalt. Forleggaren har i alle fall funne fram eit flott motiv som i dette tilfellet står som representant for vakker norsk natur. Eit godt val!
Kommentarar