Mikkel, Maria og Marta gjekk litt i forvegen og bar opp ved, grillkol, presenning, øks og diverse utstyr slik at dei laga gapahuk til vi andre kom opp.
Saman med Henrik ordna dei fyr på bålet så alt var klart til oss andre.
Her sit Dina, Ada og Brage Skår Hovde ved kvernkallen som snurrar ved Mikkjelskogen kraftverk.
Her er det Henrik og Gunnar som "kokkelerar" ved bålet, kaffi og pølse er real turkosemat.
Kjenne du bållukta ?
Bålet varma godt, og alle hadde god matlyst så pølsene gjekk ned på høgkant!
Kaffikjelen lånte vi i hellaren, og vi kosa oss med ekte bålkaffi med noko attåt.
Gapahuken var god å ha til å skifte til tørt undertøy i, eller berre søke ly under i verste regnelingane.
Der var god plass vi var i alt tolv som var med på gildet,
Mikkel, Maria, Marta, Ada, Dina, Brage, Jill, Bernt Arve, Gunnar, Henrik, Haldis og Bodil.
Her er Dina, Brage og Ada, blide og mette, ut på tur aldri sur!
Haldis og eg måtte tenne lys i hellaren og ha oss ei koselig mimrestund der, før vi starta på nedattveg.
Sende ein takknemleg tanke til Andreas Hustad som laga til denne hellaren, og takkar for lånet av kaffikjelen.
Skriv ei helsing i boka før vi forlet dalen for denne gong.
Her er dei tre gode hjelparane, Gunnar, Bernt Arve og Henrik, no er presenningen samanrulla og no bers det heimover
Henrik har laga heilt flunkande ny benk på Lissjesetra, solid, pen og skikkeleg god å sitje på, så no er set berre å gå opp for å prøvesitje.
Her sit Haldis og Henrik og ser mot Sæbø.
Takkar for turen , vi som møtte hadde det rett triveleg!
Kommentarar