Musikken deira er ei herleg blanding av melodiar frå Eric Clapton, Sting, Pink Floyd, Stevie Vaughan, Bjørn Eidsvåg og andre kjende norske artistar. Med andre ord musikk som passar for danseglade i alderen atten til åtti.
Middag og dans, som i gamle dagar.
Dette vert som i gamle dagar, folk kan gå på Hjørundfjorddagane på dagtid, treffe folk, sjå eller handle på fine utstillingar, så på konsert i Hjørundfjord kyrkje for å avslutte laurdagen med ein kjekk kveld med middag og dans på hotellet.
Sagafjord Hotell har middagsservering. Det vert Hjørundfjordbuffét med god kortreist mat.
Be med naboen og ta på danseskoa. Dette vert reine høgtidskvelden for alle som likar god musikk.
Synnøve Rekkedal Hill
- Hjørundfjorddagane 2009-
Kommentarar
Det gjer vi alle uten å tanke over det.
Men navn på hus og stadnavn må man prøve å skrive rett.
Mykje rart vi skriv nå til dags.
Det verste er at vi ofte blander inn Engelske ord inn i norske setninger uten å legge merke til det.
I Oslo lurer dei ofte på korleis dei ser ut småborda som danser på sunnmøre.
Småborddans
Det bør stå
Dans med servering på småbord.