IMGP1402 kopi

Solveig Johannessen frå Nordstrand og Oslo til venstre og Anna Sveinhaug frå Lier til høgre.  Bilen er ein Buick, 1932 modell

- Du vil vel ha meg avfotografert på panseret, du? Det er Solveig Johannesen, ei svært så hyggeleg dame i sin beste alder frå Nordstrand og Oslo som spør.

- Nja... Nettportalen hjorundfjord.no prøver å vere anstendig...

- Da kan du snakke med Anna - det er hun som tar seg av pratingen.  Så då gjer eg det, snakkar med Anna. 

Anna Sveinhaug bur på Lier, men fortel raskt at ho er frå Gol.  Dessverre har ho blitt enke, men fortel at ho set stor pris på å vere med på veteranbiltreff saman med venninnan og ektemannen hennar.

- Frå Lier, du kjenner kanskje Jagland også...

- Jada, jeg hilser på Torbjørn når jeg møter han - selvsagt gjør jeg det.  Jeg hilser forresten på Martin i butikken også.

- Martin?

Ja, Martin Kolberg, han som ikke lenger er fornøyd med å være partisektretær.  Han vil bli stortingsrepresentant nå.  Åhh... Det er så vakkert her, avsluttar Fru Sveinhaug og set seg inn i bilen.  Desse to damene køyrer forresten ikkje i ein open bil slik dei eigentleg burde gjere, men som Fru Johannessen seier det: - Når den åpne bilen ikke vil starte så tar vi denne...

IMGP1407 kopi

Bak rattet i denne bilen sit primus motor for dette treffet - Karl Mjelva frå Geiranger.

Til hjorundfjord.no seier Karl Mjelva at dette veteranbiltreffet nærast har vorte ein årleg tradisjon.  Ved Rekkedal Gjestehus på Rekkedal parkarte det i dag 15 veteranbilar, dei fleste frå Vestlandet, men som vi allereie har sett - nokre hadde også teke turen over fjella.

Tilsynelatande er det ikkje noko felles med desse veteranbilane, men dei har alle vore i bruk som skyssbilar i Noreg.  I tillegg skal dei helst vere 7-seterar og bilane bør vere opne, dvs. ha berre ei kalesje.  Det spesielle i år, fortel Mjelva, er at i alle høve flesteparten av bilane skal vere med i det såkalla Norgesløpet i morgon.  Starten på dette spesielle billøpet er i Ålesund klokka 10 i morgon(laurdag) og løpet vert avslutta seinare på dagen i Geiranger.  I alt er det ca. 205 bilar som skal vere med. Arrangør av Norgesløpet i år er Storfjorden Automobilklubb.  Men som sagt - kameratgjengen som er eigarane av dei 15 bilane som var på Rekkedal i dag hadde nok uansett hatt ei samling i desse tider, Norgesløp eller ikkje.

IMGP1398 kopi

Magnus Nistad frå Sande i Sunnfjord.  I baksetet ser vi Ingar Nistad.  Magnus er bestefaren hans.

I fylgje Karl Mjelva er Magnus Nistad ein av nestorane i veteranbilmiljøet.  Det er visstno vanleg at dei som eig slike veteranbilar har fleire heime i garasjen.  I alle høve har Magnus det.  Men på dette treffet køyrde han ein Buick, 1926 modell med 96 hestar.

- Men du manglar, som ein av dei få, ei vakker dame i framsetet Nistad?

- Ja, eg lyt vedgå det, men Ingar er absolutt ei triveleg kar å ha med seg på slik ein tur.  Om nokon skulle kjenne att namnet så har Magnus Nistad dreve eit stort transportfirma i Sogn og Fjordane/Sunnfjord i mange år, men han har no overlete roret til ynge familiemedlemmer.

IMGP1405 kopi

Haldis og Geirmund Revheim frå Fana (ikkje Bergen) er ikkje berre på veteranbiltreff i helga, i dag feira dei også 38 års bryllaupsdag.

Det er mykje å tenkje på når ein skal køyre open veteranbil.  Solkrem må t.d. smørjast på.  Det kan vere lite klokt å bli solbrent når ein skal feire bryllaupsdag, meiner Haldis og legg på eit godt lag.  Solveig og Geirmund køyrde forresten i lånt bil - ein  Studebaker President 1930 modell.  Bileneigaren, Ymer Sletten frå Bergen - ikkje Fana - var sjølv med i kortesjen, men køyrde ein annan bil.

Og så køyrde dei frå Rekkedal - ein etter ein.  Turen skulle gå vidare over Standalseidet og så vidare til Ålesund.

IMGP1411 kopi

Nokre køyrde med kvit skysshue, andre med det som såg ut som flygarhjelm.

No sa frå Sveinhaug frå Gol og Lier det ikkje rett ut, men hjorundfjord.no oppfatta henne absolutt slik at ho sette meir pris på å få treffe Margrethe og Bjarne enn Jagland og Kolberg.  I alle høve skrepte ho svært av både Hjørundfjorden og vertskapet på Rekkedal Gjestehus.

IMGP1417 kopi

Margrethe og Bjarne Rekkedal tok farvel med veteranbilentusiastane på same stad som dei tok imot dei - i krysset ved rv. 655.