Det er jonsoktid, og eg er fortsatt i det litt nostalgiske hjørnet. Har difor funne fram til dette gladbiletet frå tidleg 70-tal. Korleis går det med den vestlandske tradisjonen med barnebryllaup ? Er den heilt vekke ? Truleg har lurvetoga teke litt over, der ein står meir fritt til kva slag utkledning ein vil ha. Uansett er jonsokaftan framleis ein fin festdag for både born og vaksne, med bål, pølsespidding og utkledning. Rjømegraut er vel også ein rett som høyrer jonsokaftan til.
Her på austlandet er barnebryllaup eit meir ukjent fenomen, men korleis er det i Hjørundfjorden anno 2009 ?
Var det nokre barnebrudepar på Kapteinskvia i år ?
Her er iallefall eit frå tidlig 70-tal. Truleg er dette biletet frå 23 juni 1971.

Nokon som kjenner att desse brudepara, og kven er den mystiske "5 hjulet på vogna" ?
Så kom fasiten (03.07.2009 kl. 08:57)
Det var heilt rett Bente R. Fjørtoft !
Solveig (f.63) frå Årsethaugen, 3 syskjen Aarseth frå Kvia; Anita (f.62), Bente (f.64) Alf Ole (f.65)og Jon (f.68) frå Årsethaugen.
Det gjorde nok quizen litt vanskelegare at Anita var utkledd som brudgom :)
Eg har nok her fått lånt både hatt og slips frå sjølvaste "Kvien" (farfar/Johan Aarseth)
Me har filmopptak frå same brudepara jonsokaftan 2 år seinare i 1973, fortsatt med Jon som brudesvein. Men då gjekk det litt gale, då eg kom til å trakke på kjolen til Bente under brudevalsen, bruda vart ikkje spesielt imponert over den manøveren...
Alf Ole Aarseth
Kan det vere... (02.07.2009 kl. 23:34)
trur det må vere Solveig, Anita ( utkledd som brudgom ) Bente og Alf Ole.. minste mann er Jon.
Bente R. Fjørtoft
Ingen tilreisande.. (02.07.2009 kl. 20:05)
Godt forsøk Ivar Svein, men det er ikkje Dea og Jon Arne dette, sjølv om hytta deira ligg veldig nærme Årsethaugen.
Ikkje er Arne Gjerde brudgom her heller Linda.
Men brudgomane er faktisk syskjen dersom det kan være til hjelp, og dei var ikkje tilreisande.
Alf Ole Aarseth
Eit siste forslag.. (02.07.2009 kl. 14:30)
Kan brudgommane være brødre og to framtidige kremmarspirar med hytte på Årset? Synest å kjenne att den lyse hatten til bestefaren:-) (No torer eg ikkje å kome med fleire forslag.)
Ivar Svein Mo
Bom igjen ... (02.07.2009 kl. 12:32)
Du har heilt rett Linda det kan ikkje være Arild. Eg tenkte ikkje på anna enn at Arild har vore vaksen kar så lenge eg kan huske:-)
No må vi få hjelp frå andre som kjenner betre til den oppvoksende slekt i begynnelsen av 70 åra!
Ivar Svein Mo
(02.07.2009 kl. 12:21)
Arild var vel knappast fødd i 1971..(?)
Kan det være nokon framma i Gjerde? Arne f.eks?
Linda Stokke
Då prøver eg på nytt ... (02.07.2009 kl. 12:16)
Den stor brudgommen trur eg er Arild Hanebrekke Årseth, men den minste har eg ikkje forslag til, viss det ikkje er ein frå Kvia. Kan du gje oss litt drahjelp? Er han frå bygda så eg burde kjenne han, eller er det ein tilreisande?
Ikkje er det HauaKnut og heller ikkje Assen i Jensgarden:-)
Ivar Svein Mo
Brudene er rett (02.07.2009 kl. 08:45)
Brudene er rett Ivar Svein, Solveig Hustad (til venstre) og Bente Aarseth.
Då gjenstår berre å plassere brudgomane.
Kjell-Johan var nok litt for ung ja i 1971, han er fødd i 1973.
Alf Ole Aarseth
Min sykkel (01.07.2009 kl. 23:28)
Eg fekk meg aldri ny sykkel som liten, men denne sykkelen arva etter onkelen min Bernt Årseth. Den fungerte godt etter ei overhaling. Min første nye sykkel kjøpte eg for nokre år sidan og det var den eg brukte på søndag :-) (Sjå eigen artikkel her på portalen).
Eg kjenner nok alle personane på biletet, men namna røpar eg ikkje.
Knut Hustad
Bilde ja ... (01.07.2009 kl. 21:48)
...det skulle ein tru var ganske enkelt, men når eg skulle til å sjå betre etter, er eg slettes ikkje sikker. Men det enklaste fyrst, så er bilde frå tunet på Årsethauen og vi ser heimover mot gamle løda der huset til Knut og Jane står i dag.
Sykkelen kan være HauaJakob sin.
Då var det personane; f.v. trur eg bruda er Solveig Hustad, budgommen er Alf Ole Aarseth. Brud nr.2 er eg ganske sikker på at det er Bente Aarseth, men den tøffe brudgommen veit eg slettes ikkje, men tippar Kjell Johan Årseth, men det spørs om han er i yngste laget.
Guten framme er vel avslørt som Jon Hustad tidlegare.
Eit tapper forsøk frå Kvistad:-)
Ivar Svein Mo
(01.07.2009 kl. 20:57)
Eg trur det har vore lite barnebrudepar i Hjørundfjorden i år, Sigmund. Enig med deg at det er litt synd dersom denne tradisjonen vert heilt vekke.
Men det var visst eit brudepar i jonsokfeiringa på Tryset (sjekk artikkelen "Jonsokfeiring i gamle Stokke skulekrins")
Men det ser ut for meg som om brudgomen her har svikta bruda totalt på eit svært tidleg stadium av ekteskapet....reknar her med at brudgomen er guten med hatt og lilla jakke, og han har diskret snike seg nokre skritt bakover og vekk frå bruda.
I staden er det ein annan gut frå lurvetoget i blåstripa genser som nyttar høvet og sjenert prøver å nærme seg bruda :)
Men er det ingen fleire som vil prøve seg på quizen frå 1971 ?
Hittil er det kun Jon Hustad som er identifisert som prest, klokkar, forlovar og brudesvein, mange oppgåver for ein 3-åring.
Det skulle ikkje være alt for vanskeleg å finne ut av kven dei 4 andre er heller.
Løda me ser i bakgrunnen er for mange år sidan bytta ut med eit bolighus, der det bur ein ivrig og flink bidragsytar for Portalen..
Alf Ole Aarseth
Jonsokfeiring ... (30.06.2009 kl. 14:28)
Jonsokefeiringa har skifta totalt karakter sidan eg vaks opp. I staden for Jonsokebrudlaup, ein tradisjon frå uminnelege tider, kom det lurvetog.
Eg har lenge tenkt at vist nok var det ein eldgamal og fin tradisjon som dermed gjekk tapt, men at dette sikkert er utviklinga over alt.
Så høvde det seg slik at me køyrde kysten oppover ein jonsokekveld ( dag og kveld ) På Voss såg me eit staseleg jonsokebrudlaup og litt minde staselege opp over etter kysten, men likevel jonsokebrudlaup som eg hugsa det, dei siste me såg var i Nordfjord, så sette lurvetoga inn, det vart tydelegvis eit skilje når ein kom inn i Ørsta området.
Det kunne vore interessant å fått komentarar på dette fenomenet. Korleis er det i Nårongsfjåra og inne i Storefjåra, er det brudepar på gamlemåten der eller er det lurvetog over alt i Hjørundfjorda no?
No er jonsokefeiringa noko som heile familien er saman om og det er flott, men kunne det, og ville det vera ynskjeleg, å halda på noko meir av tradisjonen og så på ein måte knyta det saman med det nye? Kanskje eit tema for kulturvernlaget?
Eg hår enno ette songleikane som dei eldste tausene, Inger og dei, lærde vidare til oss som var yngre, i Skottland og Irland eksisterar denne tradisjonen enno.
På ein tur i Frankrike såg eg korleis heile skuleklasser tok i ring og leka songdansar som likna svert på våre, dette gjorde dei på eiga hand medan lærarane tok pause frå omvising. Eg trudde nesten ikkje mine eigne auge og sette meg rett ned for å sjå på dei, dette må ha vore ein sterk Europeisk tradisjon som har overlevet hundreåra der.
Ein dag i fjor var eg på ein liten skule i Beito, der slo skuleborna lyre ( liten kompakt ball ) i friminutta, det med trudde eg var over og ut alle stadar.
Der var fleire klassetrinn saman og læraren sa at dette var noko borna ville ha og at det også var svert sosialt oppdragande for alle. Ser man det --
Ein håplaust mimrande gamling, Sigmund
Lagt inn av
Hjørundfjordportalen Administrator
Ein rett.. (29.06.2009 kl. 21:42)
"Haua-Jon" er rett svar på den yngste her ja Alexander. Men "Haua-Knut" er nok ikkje med på dette biletet, men kan hende han allereie på den tida var ein ivrig fotograf...?
Alf Ole Aarseth
Ekje det?? (28.06.2009 kl. 22:33)
Ej syns den eine bruda ligna litt på na haua-knut og han minste på na Jon.
Alexander Riise Olsen
Brud (28.06.2009 kl. 22:17)
Eg kjenner nok ikkje brudeparet på biletet, men hugsar sjølvsagt jonsokfeiringane heime:)Som kjent so gikk ansvaret med å være brud på omgang frå Framste-Holen, Heimste-Holen, Årskogane og Riise. Da det var min tur var det ingen av gutane på dei respektive gardane som ville giftast med meg(dei anar ikkje kva dei gikk glipp av....), og Heidi Holen steppa derfor inn som brudgom. Det vart ein fin fest alikavel med grilling, lorvetog, klubber som vi fekk gratis på Årseth og brenning av heksa på Jonsokbålet. Har eit kjempefin bilete av ei feiring i Store-Årskog løda som eg skal prøve å få lagt inn:)
Annette Björkedal