At Norangsfjorden kan by på flott turterreng har vore kjent for alle og ein kvar i over eit århundre. Bygda har fostra mang ein sprek idrettsmann, samt ei og anna slyå slik som alle andre stader.

Turkart Norangdal

Bygda kan også by på fint turterreng for kveldsturar, eller elles i døgnet det måtte høve. Vi fann ut at det er for lite kjent kvar ein skal gå for å nytte seg av dei flotte turløypene, og valde derfor å lage eit turkart med nokre av løypene, kanskje vi vel å utvide kartet med meir etter kvart.Tanken bak kartet er at dei som vitjar bygda skal kunne finne ut kvar turløypene er, og at dei skal bli brukte av fleire enn bygdefolket. Vi har laminert nokre eksemplar og hengt dei opp, og i tillegg finn du ein link til eit høgopplyst kart her.