Dagen i dag, onsdag den 10. juni, vil utan tvil verte ein merkedag i Storfjorden.  Ca. klokka 13 fekk ordføraren i Ørsta, Gudny Fagerhol, æra av og trykkje på sprengingsknappen og like etter var det gjennomslag på tunnelen mellom Leira og Bjørke.  Omtrent eitt år kan dermed folket som bur på Leira og Viddal køyre på rastrygg veg når dei skal ut og reise.

Det har regna ein god del i det siste, men i middagstida i dag vart det opphald og sola titta også fram på Bjørke.  Dei fleste var der - ikkje berre ordførar og rådmann - og bygdefolket hadde også møtt mannsterkt fram.  Dei ville ha med seg den siste salven - gjennomslagssalven - i tunnelen mellom Leira og Bjørke.

IMGP1111 kopi

Sentrale personar - frå venstre: Ordførar Gudny Fagerhol, rådmann Jan Petter Eide, prosjektansvarleg Oddbjørn Pladsen i Statens vegvesen og Ola Perry Saure.

Som sagt - det var ordføraren som fekk æra av å fyre av den siste salven.  Ho var i dag strålande opplagt - det var også tydeleg at ho kjende til rutinane for slik sprenging, men så er ikkje dette første gongen ho har trykt på sprengingsknappen.  Som kjent vert det f.t. bygd mange tunnelar i distriktet vårt.

IMGP1133 kopi IMGP1136 kopi

På foto til venstre har ordføraren nettopp fått kyndig sprengingsinformasjon av Harald Almeland, prosjektansvarleg for Mesta (t.v.).  Så går varslingsalarmen - foto til høgre - og deretter sender Gudny av gjennomslagssalven...

IMGP1141 kopi

Her trykkjer ordføraren på knappen, smellen kom og jorda rista, men vart det hol?

IMGP1143 kopi IMGP1153 kopi

Jau, det kjem ut røyk på den rette plassen og når gravemaskinen får fjerna mattene ser vi også at det er gjennomslag.

No er det slik at det tunnelgjennomslag må feirast, men først er det visse sermoniar som skal gjennomførast.  Ei lita gjennomslagsskål høyrer med og det skal også skvettast konjakk på steinrøysa(stuffen?) på innsida.

_X4V6976 kopi

Misbruk av fin konjakk?  Slett ikkje - eit tunnelgjennomslag krev sitt. Foto: Gaute B. Iversen/Mesta.

Ved eit slikt flott høve skal det også seiast nokre velvalde ord frå dei som er ansvarlege for eit slikt storprosjekt.  Det kom m.a. fram at gjennomføringa av dette rassikringsprosjektet til no har vore den reinaste suksesshistoria.  Prosjektansvarleg Oddbjørn Platsen kunne stolt fortelje at ingen hadde omkome eller blitt skada under arbeidet med tunnelen.  Nokre vil kanskje hevde at funnet av den vidgjetne jettegrytta hadde skapt problem, men no i ettertid såg Pladsen tilbake på funnet med rein glede.  Litt ekstra tankeverksemd hadde funnet skapt, men no vona han at Bjørkefolket hadde fått seg eit naturfenomen som kunne bli ein attraksjon for bygda.

Harald Almeland for vesta opplyste at tunnelen hadde blitt ca. 20 meter lengre p.g.a. jettegrytefunnet, men likevel hadde Mesta greidd å halde budsjettet og tidsramma.  Almeland takka m.a. underentreprenør K.A. Aurstad for ein god jobb og til slutt takka ordføraren alle.

_X4V6954 kopi 2

Ordførar Gudny Fagerhol trivdes utan tvil mellom anleggsarbeidarane - arbeidarar som ho gav velfortent ros for godt arbeid.  I bakgrunnen ser vi gjennomslagsholet. Foto: Gaute B. Iversen/Mesta.

Og så var det klart for den store marsipankakefesten - sjølvsagt vart det kake nok til alle som hadde møtt fram.

IMGP1183 kopi

Så har dei første fått seg kake.  Ein av dei ansvarlege, Rolf Stormo, til venstre.

IMGP1186 kopi

Mykje folk, men kaka/kakene var store.

Under ser vi ein del av dei som gledde seg over den store dagen.

IMGP1113 (Large)

Det vart nok kake på desse også.  Frå venstre: Karl Viddal, Helge Viddal, Sverre Bjørke og trygve Finnes.

IMGP1117 kopi IMGP1123 (Large)

På foto til venstre ser vi Trygve Finnes og sjåfør i K. A. Aurstad, Knut Ragnar Bjørke.  På foto til høgre ser vi m.a. Jon Egil Finnes i gult til venstre.  I midten ser vi Oddbjørn Pladsen, så teknisk sjef i Ørsta kommune, Knut Krøvel Welle og til høgre avdelingssjef Gunnar Wangen.

IMGP1156 kopi

Ein god, men sikkert litt vemodig dag for ein Lars (Lasse) Brautehaug i Statens Vegvesen.  Dette vart nok det siste tunnelgjennomslaget han er med på fordi no skal han snart pensjonere seg og bruke meir av tida si heime på Sjøholt.  Men utan tvil vert Leiratunnelen ei god avslutning på ei lang yrkeskarriere.

IMGP1191 kopi IMGP1188 kopi

Som sagt - berre blide folk på Bjørke i dag.  Heilt til venstre ser vi ei av dei som har vore med å kjempa for rassikringstunnelen - Oddhild Saure Bogen. På foto til høgre ser vi at kulturarbeider Perry Bjørke (nr. to frå venstre ) nyttar høvet til å pleie kontakta med både rådmann og ordførar.

IMGP1119 kopi

Det er denne vegen utetter stranda til Leira som vert erstatta med tunnel.