Jarle Walseth var trenar for småguttelaget sesongen 1980, og laget gjorde det bra i seriespelet. Men det gjekk litt tråare under Sunnmørscupen, bl.a vart det eit klart 0-7 tap mot Godøy. Uansett var desse gutane i godt humør enten det vart siger eller tap, og å reise til Ålesund på cup var sjølvsagt moro. Rolf Egil Riise og Roger Holen var med som lagleiarar under denne cupen som føregjekk på Moa-feltet.
Nokon som kjenner att desse kjekke fotballgutane frå 1980 ? Her er det fritt fram for å setje namn på dette lagbiletet.
Ingenting å seie på konsentrasjonen framfor eige mål her, men kanskje litt i overkant med 5 mann til å passe på ein angripar frå Godøy :)
Her er nok eit bilete av småguttelaget 1980. Dette er teke tidlegare på våren i samband med ei turnering på grusbana på Sæbø. Bak frå venstre: Frank Urkegjerde, Sverre Hustad, Willy Håndlykken, Roar Kvistad, Svein Sæbønes, Ole-Ragnar Riise og trenar Jarle Walseth. Framme frå venstre; Arnt Egil Hjellen, Jens-Arve Forbord, Roy Torvik, Ole Tryggeset, Vidar Stokke og Alf Ole Aarseth.
Kommentarar
I første kamp skulle vi møte Lepsøy. Det laget hadde ei jente som midtstoppar, og verken før eller seinare har eg sett ein gutespelar meir avkledd. Frank var heilt klart mykje betre enn denne jenta, men hormonane spelte han eit puss. Han vart perpleks. Lepsøy vann 1-0, trass i at vi hadde ballen mest og flest sjansar. Spissen leverte ikkje varene denne dagen....
Året etter var eg med, og Rune si framstilling av kampen er til å kjenne igjen. Men eg meiner at vi var avkledde bokstavleg også. Begge laga hadde med seg raude drakter, og vi måtte spele i bar overkropp sidan dei hadde ei jente på laget.
Frank må vel vere tidenes toppscorar på Sæbø (aldersbestemte kampar inkludert), eller kva trur du, fotballguru Alf?
Mvh Roar
Wenche; det var blink på alle namna ja :)
Trudde det skulle være litt vanskelegare, dette er trass alt snart 30 år sidan
Bodil Skare; når ein ser på det siste biletet så skjønar eg no kvifor du i "gamle dagar" alltid sa eg ligna slik på Alfalfa i "Rakkerungane" på TV, er vel eigentleg kun antenna på toppen av sveisen som manglar her he he :)
Roar; når det gjeld tidenes toppscorar på Sæbø så ligg nok Franken langt framme på aldersbestemt nivå, han sprang frå dei fleste forsvar med hurtigheita si og godt utvikla sprintleggar.
Men både Bjørn-Ove Strand og Jørund Walseth har også scora mykje mål for Sæbø i aldersbestemt, så mitt tips er at Bjørn Ove/Colly har flest mål totalt då han i tillegg har scora svært mykje mål for Sæbø A-lag gjennom heile 90-talet.