Fornying av eng

Vi har som dei fleste sett behovet for å fornye enga vår. Men også sett kva tid det tek. Og det vi kom fram til var at tradisjonell bearbeiding av jorda med bla plog, steinsvans, steinrive, såmaskin og rull blei for tungvint for to kara som jobba fullt utanom garden. Og alternativet som da meldte seg var en horisontal fres med såaggregat. Som tenkt så gjort, og den blei innkjøpt i mai i fjor. Og er av merke Maschio og levert av Aase Landbruk i Sandnes . Etter å ha brakka enga i haust, og gitt vinteren høve til å jobba med torva, så var det no på tide på prøve fresen.

Horisontal fres med såaggregat

Horisontal fres. Materen/drifta av såaggregatet blir teke frå rullen.

  

 Knut-Inge i djup konsentrasjon

Far og son i djup konsentrasjon -- Her har Knut-Inge Haugen, teke nye grøfte, han har kalka, spreidd møkk og sådd bygg.  So no er det berre å legge siste hand på verket.

 

Tek vi fram plogen igjen ?

Det er ingen tvil, redskapen fungerer den. Fresen tar seg fram utan problem, men vi fresar ikkje for djupt, vi held oss ein stad mellom 6-12 cm. Det går ikkje så veldig fort framover heller, ca 2 km/t. Men det er utan tvil tidsbesparande, og ikkje minst sparar ein diesel i forhold til anna jordbearbeiding. Men det er no resultatet som tel, og det let vente på seg. Når hoa skal inn vil vi ha svar på det.

Betyr dette at vi satt vekk plogen for godt ??

Helst vil ein vel sei ja - for dette var såre enkelt. Men plogen må nok fram igjen før eller seinare. Men planen er å opparbeide seg ein del gode avlinga, og så bruke plogen. Det var planen, men so får no tida vise..

Natur og traktor

Traktor og natur  - Sånne dagar er det flott å kunne jobbe under slike forhold.

Sølve og Oscar

 To karar på inspeksjon - Sølve Rem Haugen og Oscar Gjøsdal Rekkedal- Er det fisk dei kikkar etter ??

 

Med hakke og grev

Litt manuelt arbeid må nok til. Her har Knut-Inge fjerna ein større stein og frakta den vekk med frontlessar. Så er det berre å frese og så over. PS: Legg merke til arbeidskoa - trur dei manglar vernetå..

Mann og maskin

Godt i gang med arbeidet. Brukar ein stad mellom 20-30 minutt pr. dekar. Alt etter jordsmonet, mengde stein og fart.

 

Kva erfaring har vi gjort oss på denne korte tida?

Vi var lenge spente på om fresen ville rote opp mykje stein og lage vanskar, det har den ikkje gjort. Vi var også usikre på om såaggregatet ville ha ei jevn fordeling avhengig av fart o.l Det har vist seg å vere uproblematisk. Knut-Inge hadde prøvesåing på eit stykke i fjor som ikkje var brakka, med gode resultat. Men jobbing på frisk torv er hardare og tek lenger tid og er ei større påkjenning for fresen. Men ideelt for punktsåing og nedtråkka hjorte eng. Men vi har også funne ut at eit godt resultat krev god kontroll med toppstaget, og då spesielt i kupert terreng.

 

Anbefaling ?

Ikkje tvil om at fresen tek seg fram og at det virkar. Noko anbefaling veit eg ikkje å komme med, men det ser ut til å fungere bra. Uansett er det både lettare og enklare. Hvertfall med tanke på at vi, som mange andre bønder i dag har jobb utanom jordbruket. Og når tida ikkje strekk til, så får ein sei at " det er betre å gjere noko, enn ingenting". Så då blei dette alternativet for oss.