Regnboge over Sæbø Storfe

Dette biletet var teke onsdag morgon. Det er fint med regnboge, men laurdag og søndag vil vi ha opphaldsver.

Vi håpar på finever, men på loftet er det bra med plass. Kaffi og sveler skal det også verte ei råd med.

Felleskjøpet sine folk stiller med 2 mann både laurdag og søndag. For spesielt interresserte kan ein få omvisning inne for å sjå nærare på det tekniske utstyret. Då må ein ha på seg overtrekksklede og sko, som ein får utlevert på staden.

Mjølkeroboten ser ein frå gangen, sjølv om det der er trongt om plassen.

Inngang mot vest. Altså fram mot dalen.

Felleskjøpet stiller også med siste modell John Deere traktor.

Vi håpar at mange tek turen innom for å sjå. Ved å gå gamlevegen frå fotballbana kjem ein rett ned til fjøsen etter at vi har rusta opp den gamle vegen over Gråtevadet.

Vi reknar med ca.  same opningstid som hjørundfjorddagane.

Velkomne skal alle vere.

Open dag i  fjøsen 015

Arve Gjelsten frå Felleskjøpet kom på sykkel.

Open dag i  fjøsen 025

Alle tykte det var fin oversikt over fjøsen frå loftet.

Open dag i  fjøsen 020

Mange fleire enn Lars Peder Brekk var interresserte i det som vart sagt.

Open dag i  fjøsen 018

Eg fekk god tid til å fortelje om prosjektet vårt.

Open dag i  fjøsen 027

 Tor Helge Uglum og Harald Dalsbø frå Felleskjøpet hadde ein roleg dag, då det nesten ikkje fanst interresserte bønder mellom dei besøkande.

Open dag i  fjøsen 023

Sjølvsagt måtte vi ha eit bilete i lag med landbruksminister Lars Peder Brekk.