Dette biletet var teke onsdag morgon. Det er fint med regnboge, men laurdag og søndag vil vi ha opphaldsver.
Vi håpar på finever, men på loftet er det bra med plass. Kaffi og sveler skal det også verte ei råd med.
Felleskjøpet sine folk stiller med 2 mann både laurdag og søndag. For spesielt interresserte kan ein få omvisning inne for å sjå nærare på det tekniske utstyret. Då må ein ha på seg overtrekksklede og sko, som ein får utlevert på staden.
Mjølkeroboten ser ein frå gangen, sjølv om det der er trongt om plassen.
Inngang mot vest. Altså fram mot dalen.
Felleskjøpet stiller også med siste modell John Deere traktor.
Vi håpar at mange tek turen innom for å sjå. Ved å gå gamlevegen frå fotballbana kjem ein rett ned til fjøsen etter at vi har rusta opp den gamle vegen over Gråtevadet.
Vi reknar med ca. same opningstid som hjørundfjorddagane.
Velkomne skal alle vere.
Arve Gjelsten frå Felleskjøpet kom på sykkel.
Alle tykte det var fin oversikt over fjøsen frå loftet.
Mange fleire enn Lars Peder Brekk var interresserte i det som vart sagt.
Eg fekk god tid til å fortelje om prosjektet vårt.
Tor Helge Uglum og Harald Dalsbø frå Felleskjøpet hadde ein roleg dag, då det nesten ikkje fanst interresserte bønder mellom dei besøkande.
Sjølvsagt måtte vi ha eit bilete i lag med landbruksminister Lars Peder Brekk.
Kommentarar
Kjekt at dokke har open fjøs under dagane, det blir kjekt å kome å sjå:)
Elisabeth Å Dimmen
Mange av dei eldre trudde nesten ikkje det dei såg. Og fekk seg eit minne for livet.
Kjekt var det også å få besøk av landbruksministeren og alle som var med i fylgjet hans. Ordførar Gudny fekk lyst å halde kommunestyremøte på fjøsloftet. Og det må vel la seg ordne.
Etter ein travel innspurt på arbeidet med å få ferdig loftet, og ei innhaldsrik helg, kan vi puste letta ut og "slappe av" med slått.
Men Perry, eg har registrert i eit par kommentarar her på Portalen at du stadig er på fornavn med Siv Jensen..
Har du hatt personleg møte, eller kun kontakt gjennom papirarbeid ?
Nå har eg og våre i Sverige og alt fått helsing tilbake.
Jens har og send meg svar på spørmål eg har stilt.
Eg tok opp ei sak med Ørsta kommune angående mailadresser til politikerne der.
Har ikkje fått svar på denne saka ennå.
Eg skriv ca 200 mail i året.