Fyrst er det avduking ved Ragna Riise av modell av Risestøylen, denne er laga av Magne Årseth. Den er del av markeringa av Kulturminneåret 2009. Fylkeskulturprisvinnar i Sogn og Fjordane  Oline Løvlid og fire dyktige songarar frå Hornindal vil så opne Hjørundfjorddagane. Vi i nemnda synes det er svært kjekt å få besøk frå Hornindal, når Kvivsvegen kjem, er dei våre nære naboar.

Geir Gjelten loppar deg rein for klokke, mobil og lommebok utan at du merkar det.

Gjelten

Ein skal vel ikkje gjere reklame for ein som lever av å stjele frå folk, men denne tjuven gir alt tilbake til offeret, og oftast får alle som ser på ein god latter. I tillegg er han litt tusenkunstnar på andre område også, og showa hans passar godt for unge og gamle som har sans for god humor.

Samtale med Knut Skram.
Laurdag kl 15 vert det ein kort samtale mellom Knut Skram og programleiaren frå scena.
Kl. 19.00 er det konsert med Knut Skram i Hjørundfjord kyrkje.
Dersom det er fleire billettar igjen vil det verte billettsal på klubbhuset laurdag, kr. 250,- pr. billett.

Søndag kjem ”Margot”
Ina ”Small” Breivik frå Ålesund har i fleire år gjeve oss latterkramper i sine ville påfunn i Small- Medium- Large trioen. I den samanheng vart ho nominert til komikarprisen både i 2006 og 2007.

No står ho på eigne bein i soloframsyninga ”Margot- the show”
Her møter vi ein av dei mest kjende skikkelsane hennar. Hovudpersonen sjølv, den gamle kvinna Margot, har i denne framsyninga stengt seg inne i eiga leilegheit med både internett, kareokeanlegg, storskjerm og eigen radiokanal. Med rappkjefta kommentarar og skråblikk på verda spreiar ho om seg med gode poeng til grapskratt frå publikum.
”Margot – the show” har gått for fulle hus i Bergen, Molde Ålesund og andre byar. Vi er stolte over å få ho til Hjørundfjorddagane sundagen. Dette må seiast å vere latterfull oppvarming til den viktige distrikspoltiske debatten som kjem omlag ein time etterpå.
”Strålande teater” skreiv meldaren i Romsdals Budstikke. Gle dykk!

Godt program begge dagar.
I tillegg vert det konsertar.  Laurdag spelar orkesteret ”Vi Menn” og sundag syng ”Stemmebandet”.
Det vert også synt designkle begge dagane i handstrikk, tova ull og nydelege kjolar til jenter i førskulealder.

Synnøve Rekkedal Hill