At den nye rådmannen i Ørsta allereie no signaliserer at eit eller anna bør gjerast med kommunen sine Tussa-aksjar, let eg ligge no for det er nok av andre saker å henge seg opp i.
For ikkje mange dagar sidan kunne vi lese i Møre-Nytt at administrasjonen i Ørsta kommune vurderte å gå inn for å legge ned ungdomsskulen på Sæbø. Sist laurdag var der eit nytt innlegg i den same avisa - no ville kst. helse- og sosialsjef Oddvar Marøy legge ned legekontoret på Sæbø og sentralisere det til Ørsta sentrum. Han vil nok ikkje møte mykje motstand for lokalpolitikarane i Hjørundfjorden ser ikkje ut til å bry seg.
Sæbø ungdomsskule
Tru det eller ei, men der er allereie vedteke i Ørsta kommunestyre at Sæbø skule skal renoverast og det skal byggast ny gymsal. Likevel kjem det no utspel frå administrasjonen i Ørsta kommune om å legge ned ungdomsskulen. Og kom der eit utspel frå ein eller annan lokalpolitikar busett i Hjørundfjorden i Møre-Nytt som sa at nedlegging av ungdomsskulen ikkje kom på tale?
Nei, slett ikkje. Siw Bjørdal skal ha all mogleg ros fordi ho skreiv eit godt innlegg i neste nummer, men ingen politikar kom på bana. Rett nok kom der eit intervju med Ola Perry Saure noko seinare der han opplyste at Sp var prinsippielt mot eigedomsskatt, men han var visst ikkje prinsippielt mot nedlegging av den siste skulen i Hjørundfjorden - "det kunne berre ikkje gjerast over bordet".
Legekontoret på Sæbø
Eg har skrive om nedlegginga av legekontoret på Sæbø og Bjørke tidlegare både her på hjorundfjord.no og i Møre-Nytt. Dei fleste av oss kjenner vel til denne historia - administrasjonen i Ørsta kommune vart, mot sin vilje, tvungne av kommunen sitt driftsutval til å lyse ut dei to ledige legestillingane på Vartdal og i Hjørundfjorden på nytt. Men som helseleiar Frode Urke sa til meg pr. tlf.: "Den nye utlysinga hadde inga praktisk betydning. Det einaste denne prosessen gjorde var å utsetje heile tilsetjinga av legar i Ørsta kommune". Det ser ut til at Frode Urke får heilt rett fordi ikkje ein gong politikarane som er busett i Hjørundfjorden ser ut til å bry seg.
I Møre-Nytt sist laurdag seier som nemnt Oddvar Marøy det rett ut - legetenestene i kommunen må sentraliserast. Denne gongen løyner han seg ba den nye helsereforma som statsråd Bjarne Håkon Hansen vil innføre. Tidlegare var det kostnadane med eit nytt bygg til utleige til det private Ørsta helsesenter Marøy løynde seg bak. Same kan der vere - igjen; politikarane våre ser ikkje ut til å bry seg.
På nytt gjev kst. helse- og sosialsjef Oddvar Marøy inntrykk av at det ikkje var godt kvalifiserte søkjarar til legestillinga i Hjørundfjorden. Eg viser igjen til Møre-Nytt sist laurdag: "....dersom dei best kvalifiserte søkjarane ikkje ynskjer solopraksis på Sæbø eller Vartdal". Han slår seg også på brøstet og rosar kommunen fordi dei i alle høve har klart å tilsetje ein person i eit årsvikariat.
Kvalifisert søkjar
Som vi tidlegare har skrive om her på Hjørundfjordportalen søkte der i alle høve ein person på den ledige fastlegeheimlen i Hjørundfjorden etter Bruno Hame. Søkjaren ynskte også solopraksis og han ville ta sin del av legevaktene i Ørsta kommune. Vi veit at dette var - og framleis er - kommunelege i Volda, Per Olav Brautaset. Men som vi alle no veit - Ørsta kommune ville ikkje tilsetje denne legen. Her på portalen har Marøy også sagt dette rett ut. Den offisielle mgrunngjevinga er at Brautaset vart for dyr for kommunen.
Vi veit også at lokalpolitikar Bodil Skare (Ap) er med i kommunen sitt Driftsutval og er vel såleis med på å bestemme kva som skal skje med legestillinga i Hjørundfjorden til sjuande og sist. Men det som er heilt klart er at alle lokalpolitikarane i fjorden burde ha engasjert seg i denne saka. Ein påle burde ha vore slege ned for lenge sidan.
Kven bryr seg?
I vinter hadde eg ein diskusjon i Møre-Nytt med tidlegare ordførar Sigbjørn Kvistad. Han meinte visst at slike som meg ikkje burde uttale meg så mykje - i alle høve var han sikker på at meiningane til slike som meg ikkje hadde noko betydning. Makta og påverkningskrafta var det lokalpolitikarane som hadde, meinte han. Kanskje hadde han rett, men skal du ha makt, stor makt som lokalpolitikar må du i alle høve våge å gå ut i ei lokalavis(Møre-Nytt) og seie kva du meiner i ei sak som dette.
Det er mange som har vendt seg til meg og spurt kva som skjer i legesaka. Eg må som sant seie at det har eg inga peiling på. Bjarne Hustadnes sa forresten til meg at den sikraste måten å avfolke Hjørundfjorden på, er å fjerne legen. Truleg har han rett.
Klok uttale
Her for ikkje lenge sidan var det ein lokalpolitikar som sende meg eit avisinnlegg der ordføraren på Stranda, Frank Svee hadde utalt seg med stor glede over kraftlinja som no var bestemt skulle plasserast mellom anna i Ørsta. Vedkomande raljerte over lite klok uttale frå Svee.
Denne skrivaren sympatiserer slett ikkje med Frp, men mange politikarar, også frå Ørsta kommune og Hjørundfjorden har utan tvil mykje å lære av Svee. Svee uttalar seg sterkt og klart, folk oppfattar kva han meiner og så sant han kan unngår han ord som "om", "kanskje", "vi må sjå kva dei meiner" osb.
Hjørundfjordheimen
I ei tid då vi kan lese at det vert kjempa for auka areal til sjukeheimen i Ørsta, m.a. til parkring og uteområde, ser vi at vi på Sæbø at vi kan misse parkeringsareal til sjukeheimen p.g.a. ny riksveg. Vi veit også at mange vil legge ned Hjørundfjordheimen som sjukeheim og vi veit at det ser ut til at Ørsta kommune får fjerna legen frå Hjørundfjorden. Skal vi berre godta dette, dvs. gjere slik som vi stort sett har gjort til no, dvs. halde kjeft?
P.s.: Ørsta kommune har tilsett ein ung lege (han er vel billegare han enn ein erfaren lege på 51) i eit årsvikariat. Eit par spørsmål til dette?
- Når dette året er omme, er denne legen lova plass ved Ørsta helsesenter?
- Er det tilsett legeassistent/kontorhjelp i dette året?
- Er det avgjort at denne vikarlegen også skal ha legeteneste ein dag i veka på Bjørke slik som no?
Eg harr stor forståing for at ein politikar ikkje alltid kan få viljen sin, men eg, og fleire med meg, ventar i alle høve at ein politikar som er vald inn i kommunestyret frå Hjørundfjorden skal gjere sitt beste og kjempe for skule og legekontor til saka er vunnen eller at slaget er tapt.
Kommentarar
Du er den einaste som torer å stå fram og seie i frå.Ja,kvar er lokalpolitikarane ? Ser dei ikkje at at det eine etter det andre skal takast frå oss ? Og ingen protesterer. Kva vert det neste ??
Eg har inntrykk av at sjølv om dei fleste er samd i innhaldet, går dei imot fordi dei ikkje likar Knut sin skrivemåte.
Det er viktig no å stå samla utad! Ei splittelse blant folk er kjærkomen for kommuneleiinga som kjemper for sine eigne stillingar ved å forslå sentralisering som går på bekostning av Hjørundfjorden og Vartdalstrandbygdene.
Skal ein vinne det store slaget om at her skal bu folk i Hjørundfjorden i framtida, så må kvar enkelt av oss finne oss i tape småslag og sjå vekk frå personleg vinning!
La Knut få sette ord på ein skikkeleg protest frå Hjørundfjorden utan å kome med sure kommentarar og dolkestikk. Dette er han ein meister i!
Helga Mo Riise
"...sjølv om dei fleste er samd i innhaldet, går dei imot fordi dei ikkje likar Knut sin skrivemåte."
Hvem er det som går imot hva Ivar Svein?
Er det politikere, ansatte i Ørsta kommune, eller brukerne av offentlige tjenester på Sæbø du sikter til?
Jeg kan vanskelig tro at de fleste brukerne vil gå imot å jobbe for å opprettholde eksisterende tilbud "fordi dei ikkje likar Knut sin skrivemåte".
Sit at med ei kjensle av at Ørsta kommune vil vise fram Sæbø og Hjørundfjorden til tilreisande, men dei vil tydlegvis ikkje at her skal bu folk.
Denne inneholdt ein finansieringsmodell beståande av:
1. Eigedomsskatt frå 2010
2. Endring av utbyttestrategi
3. ENDRING I SKULESTRUKTUR (ungdomsskulane)
4. Endring av struktur i eldreomsorga (sjukeheimane?)
5. optimalisering av barnehagedrifta (nedlegging av Dalane, Rystene og Kvitveisen?)
6. Konkurranseutsetjing
7. Ny strategi for innbyggarauke
8. Samhandling og samarbeid i regionen
Ja, Knut, du er modig som tør å sei ifrå, men no vil eg ha nokre konstruktive fasitsvar på kva ein skal gjere med denne økonomiske hengemyra. Kanskje noken er like modig som Knut og kan kome med synspunkt på det?
Om desse punkta vert vedtekne må også punkt ein i program for handling i kommuneplanen strykast om det ikkje skal være eit hån mot bygdene: "Arbeide for å sikre flyttebalanse og jamvekt mellom kjønna. Busetingsmønsteret i kommunen må behaldast, og fråflytting frå bygdene må stansast" (frå kommuneplanen frå 1990-2001)
Eg vil ha ein eigedomsskatt diskusjon her!
Ironisk er det også at enkelte kan synast å være villig til å "halal-slakte" og flå levande bygder som Sæbø, som for tida osar av optimisme og kreativitet, samstundes som at ein på framsida av den komande økonomiplanen reklamerer med "Bygder med tradisjon" og eit bilete frå Sæbø: " stadar med sjel".
Neste møte i drifsutvalget er torsdag 25/6 kl 1400.
Vel møtt!
Seinast i går kveld snakka eg med kommunelege Per Olav Brautaset. Ingen treng tvile på at han ynskte legestillinga i Hjørundfjorden, men han seier rett ut at han ikkje oppfatta at det var reelle forhandlingar mellom han og kommunen då han var på jobbinervju og seinare. Han vart, som nemnt annan stad her på portalen, informert gjennom oppslag i Møre-Nytt om at forhandlingane mellom han og kommunen var avslutta. Seinare fekk han rett nok eit brev frå kommunen der kommunen beklaga denne sakshandsaminga.
Men bryr ikkje innbyggarane eller lokalpolitikarane i Hjørundfjorden ikkje seg noko særleg vert det sjølvsagt ingen lege lenger i Hjørundfjorden når dette "vikaråret" er omme.
Så til eigedomsskatten.
Ingen av oss er vel for eigedomsskatt, men likevel ser i alle høve eg ingen anna utveg for Hjørundfjorden og kommuneøkonomien enn at nettopp eigedomsskatt vert innført. MEN: Det er ingen grunn til å seie ja til eigedomsskatt dersom bibliotek (er nesten heilt nedlagd allereie), sjukeheim, ungdomsskule, legekontor osb. likevel skal leggast ned.
Problemet i Ørsta er no at også Ørsta sentrum opplever det som bygdene i kommunen allereie har gjort nokre år - dei unge flyttar ut og kjem ikkje attende. Forgubbinga skjer no over heile kommunen, men kommunestyrefleirtalet ser no ut til berre å uroe seg over det som skjer - eller ikkje skjer - i sentrum. Argumentasjonen ser f.t. ut til å vere at dit og datt skal gjerast i sentrum så er det naturleg og sjølvsagt, men når noko liknande skal gjerast på Sæbø så vert det rekna som vekkasta pengar/det tillet ikkje kommuneøkonomien. (Eg treng vel ikkje kome med døme her)
Slik eg har oppfatta det i Møre-Nytt er det Sp som har fått mest "tyn" for ikkje å seie ja til eigedomsskatt. I Sp høyrer eg at det vert sagt at eigedomsskatten er svært usosial som rammar dei svakaste mest. Det er godt mogleg at dette er rett. Likevel, vert ikkje eigedomsskatt innført, vil vi nok sjå at dette rammar bygdene mest. Det er lokalpolitikarane frå "gamle" Ørsta som er i fleirtal og når noko må skjerast ned p.g.a. lite pengar, viser det seg at det er makta som rår, dvs. at fleirtalet gjer nedskjeringar som går ut over bygdene. (Eg treng vel ikkje nemne døme her heller) Min påstand er kort og godt at eit framleis nei til eigedomsskatt er sentraliserande.
Skal det vere optimisme i ei bygd eller ei kommune, må det til ei kvar tid kome noko nytt - det må vere ei utvikling. Renovering av ungdomsskulane på Sæbø og Vartal er gode døme. Det må også kome ein ny idrettshall av eit eller anna slag i Ørsta. Ein evt. eigedomsskatt skal sjølvsagt ikkje gå direkte til slike bygg, men kommunen vil ved hjelp av eigedomsskatt få pengar til å drive m.a. ei god eldreomsorg og dermed kan kommunen også få litt pengar til overs slik at det også kan verte sagt ja til eit eller anna av og til.
Igjen: Lokalpolitikarane "våre" må til ei vkar tid vere på bana. Vi kan ikkje få alt vi peikar på, men det kan sjølvsagt heller ikkje vere omvendt.
P.s.: Det er vel korrekt av meg å presisere det her: Eg er ikkje medlem av Sp eller noko anna parti.
Det er ikkje lenge før eigedomskatten er oppeten av sentrum sine prestisjeprosjekt og dyr og inneffektiv administrasjon.
Den som er snart klar for sjukeheimen må nok vere klar til å ligge lenger utpissa og verte fora frå "pelsdyrkjøkken" i sentrum. Framtida til utkantane er svært, svært bekymringsfull, same kor dyktige lokalpolitikerane er.
Innlegg , skriv frå ungdomen, gjerne med store overskrifter i avisene slike dei ser kva vi meiner.
Misser vi skulen, er mykje tapt. -Ta til dømes det gode idrettslaget vi har i bygda, skal ein ungdom på 14 år frå øye, urke( vi har fleire talent i idrett der,t.d handball) reise først på skule til ørsta, så heim ein svipptur til øye og ete middag...-vips, så ein tur til ørsta igjen på handballtrening???-kanskje tre gongar i veka på trening?- Dette MÅÅÅÅ aldri skje..vi må få dei som styrer i ørsta til å tenke litt i praksis, og tenke på dei det gjeld , og ikkje la dette bli eit tema eingong. Her må vi få innspel i Møre Nytt og så frå Urke og Øye, og sjølvsagt resten av sentrum, dalen.
Ungane som bor her og går på skule her, har ei tilhøyrigheit her, og den må vi prøve å holde på , slik at kanskje nokre kan bo her i framtida også:
La oss hjelpe kvarandre i fjorden ,dalen i ei vanskeleg tid i forhold til dei som skal bestemme...VI VIL HA SKULE HER I FRAMTIDA! -frå ei mor som har vore på avslutning for 10 klasse på Sæbø skule idag:) - vi har ein flott ungdom på skulen, med flinke lærarar, dette vil vi også ha i framtida.
Elisabeth Å Dimmen
Du mangler vel eit punkt nr9
Nr9 Sjå på antall stillinger på det store huset.
4 stillinger mindre 2-3 mill spart i året.
Man høyrer ofte om å spare her og der.
Eg spør?
Treng vi alle på det store huset.
På mange arbeidsplasser går dei ofte rundt og ser kor fort folk gjer jobben.
Slik legg dei akkorden.
Arbeidplassene seier ofte opp folk og køyrer dei som er igjen endå hardere for å spare penger.
Foldal vi ha fart i reguleringa kring flyplassen.
Er det nokon på huset som tar tak i saka og jobber 4- 7 lange dager i strekk med det.(hastesak)
Ta fri nokre dager når jobben er i boks.
Eg ser bønder nå som jobber frå morgonen til lagt på natta-Laurdag og søndag for å få graset i hus før regnet kjem (hastesak)
Hastesak er hastesak same kvar man jobber (eller er det ikkje det)?
Takk og lov er det meldt godt ver framover så bøndene kan ta det med ro...
Då burde du prøve få den på plass.
Gjennomgang av stillingene på det stor huset må no også vere med når utgifter skal kuttes.
Eg trur der kunne vere ferre der vist det var bedre system i saksbehandlingene.
Når kommuna ikkje klarer å fylle ut en søknad om tilskot og misser nesten 100000 i tilskot då må det vere noko gale en plass med saksgangen.
Alle bedrifter ser på antall ansatte i vanskelige tider.
Kvifor ikkje kommuna?
Og når alle skal ha lønnspålegg kvart år (penger som dei ikkje har) Då plukker dei frå utkantene.
Men om dei plukker aldri so mykje frå utkantene,
vert det ikkje nok.No bør dei begynne å plukke frå Storehuset.
Til Bodil Skare: Eg oppfatta det slik at saka skulle tilbake til kommunen sitt driftsutval dersom det ikkje kom søkjarar til legestillinga på Sæbø. No veit vi at det i alle høve kom ein søkjar, men han vart likevel ikkje tilsett. Klarerte administrasjonen dette på førehand med driftsutvalet?
Til Knut Åmås: Eg ser ingen utspel frå deg eller Krf i denne saka. Betyr det at du ser på saka som endeleg tapt, eller er det berre varaordførar Hovden som får gå ut med soloutspel i media?
Til Ola Perry Saure: Du er ein av nestorane i Sp. Du går ofte ut med ditt syn og Sp sitt syn i mange saker, men om legestillinga i Hjørundfjorden er det stilt. Kvifor?
Til Steinar Nordang: Norangsfjorden er eit av områda som vert hardast råka når legestillinga i Hjørundfjorden vert inndregen om eitt år. Kvifor går du ikkje ut i t.d. Møre-Nytt og protesterer? Eller er du også ein av dei som trur at du oppnår like mykje med å protestere i det stille på eit gruppemøte?
Til Cecilie Rørstad: Du har engasjert det sterkt i bygginga av tunnell mellom Leira og Bjørke. Men i media kan eg ikkje hugse å ha sett at du har uttalt deg om legestillinga i Hjørundfjorden. Kvifor?
La den ikkje få kvile for lenge mellom kvart slag.
Har en lege søkt og vil jobbe i Hjørundfjorden så måtte no kommuna vere hoppende glade og tilsette han uten å diskutere lønn.
Eg trudde at det var utdanning og praksis som fastset lønnstrinna til folk og ikkje kommunestyra/admistrasjonen.
Det er få pip frå politikerne i denne saka i avisa.( Den siste tida heilt stilt)
Det er no ikkje berre fast lege som kan forsvinne frå fjorden.
Kva med båten på fjorden.
Vil kommuna støtte opp om båten vist legen forsvinn.
Det kan ha store konsekvenser for bygdene.
Håper politikerne har papira og saka klart til hausten.
Det som forundrer meg mest er SP som skal være et bygde / distriktsvennlig parti, og ser vi på den tiden som dei har vert i sentrale posisjoner så har di bidratt til en massiv sentralisering.
Personlig for står jeg ikke logikken.
Vider så er jeg ikke så veldig begeistret for at kommune og personer skal ha partipolitisk tilhørighet. Vi treng dyktige personer som virkelig kan ta styring. Slik at man får forsigbarhet for framtiden, og ikke minst står for det di sier.