
Det var tre spreke kara som slo lag med oss til Høgenausa,
Gunnar, Arne og Jonny.

Her er damene ved kvilplassen til ho mor, Petra, Bodil, Kari, Helga, Haldis, Hilde, Bente, Ann Helene og Mariann.

Bratt og seigt opp storefonna, nedanfor ser vi markane nyslegne til jonsok.

Midt oppi fonna traff vi Oddvar på nedoverveg, han hadde tjuvstarta den luringen.

Utsikta frå Høgenausa er fantastisk.
Her mot Sæbø i litt duskregn, vel verdt strevet å gå opp til denne staden.
Neste måndag er det Klokkura/Tryvatna.
Vel Møtt!
(23.06.2009 kl. 21:27)
Noken so veit kor høgt Høgenausa ligg?
Mariann Skaar Skotte
Takk! (23.06.2009 kl. 09:40)
Takk for skryt!
Turane på Øye må vi prøve å få til, vi skulle hatt mange fleire dagar på tur!
Det er godt oppmøte på turane og alle er sååå positive og blide, tusen takk for godt oppmøte til ALLE!
Bodil Skare
Kjekt å sjå frå turane (23.06.2009 kl. 00:58)
Kjekt å sjå frå turane Bodil, du er super å ha som turleiar/ fotograf:) -spesielt når det ikkje høver seg å få være med:)
All ære til Bodil for fjelltrimmen:)
Var forresten en frå Øye idag som lurte på om vi ikkje hadde sett det nye "turkartet" deira, og skulle ta ein mandagstur dit engong ?
Elisabeth Årseth Dimmen
Martin Årseth Dimmen
Fantastisk ! (22.06.2009 kl. 23:48)
JA vi er priviligerte.
Hilde Sæbønes
Ja, vi lika tura i skog og mark.. (22.06.2009 kl. 23:16)
Har ikkje før fått i meg varmen etter turen, så har Bodil klar ei reportasje på rim. Imponerande, takk for arbeidet du gjer. Vi er bra priviligerte som kan ha så flotte naturopplevingar i nærmiljøet.
Haldis Fiskå Mo