Landbruk

Tema på Hjørundfjorddagane er landbruk. Då var det naturleg at Kulturvernlaget laga til ei utstilling med litt av vår nære bygdekultur. Vi har inngått samarbeid med Sunnmøre Museum, Brudevolltunet, Vevstova på Rekkedal skule, Bygdekvinnene, medlemmar frå Husflidlaget i Ørsta og elles utstillarar frå Stranda, Ålesund og Sykkylven.

Sunnmøre Museum Brudevolltunet.

Brudevoltunet stiller med demostrasjon av separering av mjølk og kinning. Dette er noko publikum kan ta del i. Det vil verte anonsert når desse tinga skjer. Dyktige kvinner frå Standal og Bondalen stiller med løfsebaking og flatbrødbaking. Det vert høve til å smake.

Husflid

Margot Grimstad frå Ørsta stiller med karding og spinning. Elles vert det demostrasjon av skinnfellmaking, veving, sølvsmed syner sine kunstnar, henting av hoseband.

Den kjende biletvevaren Synnøve Standal Erdal stiller ut noko av sitt arbeid. Ho vil også syne korleis ho lagar biletvevnad. 

Kvernhus og Risestøylen

Per Hovdenakk stiller ut kopi i rett målestokk av kvernhus, slik at ein får demostrert korleis eit kverhus fungerar. Magne Årseth har laga tru kopi, i rett målestokk av Risestøylen. I samband med den vert det stillt ut diverse  utstyr ein måtte ha på setrane, som ei bjørnerangle, tresil og hisse.

Gamle klenodium.

Frå Ørsta og Sykkylven har vi fått hjelp til å stille ut gamle traktorar. Den eldste traktoren i Møre og Romsdal finn ein nettopp i Sykkylven. Det er ein Ford som vart importert frå Amerika rundt 1930. Den har stålhjul. Elles stiller dei også med ein Massey Harris model Ponny.

Ford importert frå Amerika i 1934.

Ford 30 modell. Same traktoren var også i Bondalen på Årset

Frå andre sida av Bondalseidet stiller Paul Vatnebakk med ein Kramar og ein Garner. I Bondalen har vi funne fram eit anna klenodium, ein Ford-T modell som vart bygd om til traktor i 1930. Dessutan vert det spesialtraktor frå Skår som var laga for bratte bakkar.

Lokal oppfinning.

Kulturvernlaget har også planar om å syne ei oppfinning frå Hjørundfjorden; Ein vedhoggar som kappa ved. Monsteret av ein maskin liknar litt på ein skurtreskar, ein matar greina eller trestamma inn frå sida, så vert den kappa opp i passe lengdet av skarpe knivar som vert dregne rund ved hjelp av ekstern motorkraft.  Når denne var i bruk måtte vedhusveggane forsterkast, elles kunne ein slå ut fjøler i bordkledninga.

Vedhoggar frå Hjørundfjord

Vedahoggar "made in" frå Bondalen

Rolf Saure frå Stranda skal smi hengslar i jarn til det nyrestaurerte notanaustet på Bjørke medan han er på Hjørundfjorddagane.

Noko for alle.

Dette vert ei utstilling som vil ha noko av interesse for born og unge til sinns i alder frå fem til nitti år.

Det vert også høve til å kjøpe handarbeid som vert laga på utstillinga.

Denne utstillinga er støtta av Norsk kulturråd.

 

Hjørundfjord Kulturvernlag

Synnøve Rekkedal Hill