Det er heilt klart, det gjeld å ikkje slite seg ut når ein skal ha ein fin dag på sykkelsetet.  Såleis hadde vi lagt inn ei kaffipause allereie etter fem km - på det søndagsopne bakeriet og kafeen på Sæbø. 

No rakk vi ikkje bakeriet denne gongen, men kona Jane hadde ei full sykkelveske så det vart høve til gode pauser seinare - vi skulle tross alt sykle den 8 km lange strekninga frå Lekneset til Hotell Union på Øye.

IMGP1482 kopi

Revebjelle og prestekragar

Det å setje seg i ein bil å køyre innover Leknesstranda mot Urke kan sjølvsagt vere ei flott oppleving, men frå sykkelsetet  kjenner du den gode angen frå raudkløver, kvitkløver, tilriltunge, prestekragar og alle dei andre flotte blomane no i slutten av juni.  I tillegg kan du møte kjølegare luft - luft som svalar.  Og for den som måtte lure - Urke har blitt ei fin og velstelt bygd.  Stopp gjerne ved det fine kraftverket.  Det kan passe godt med ei lite pause her etter ein handel hos Nelly på Urke Landhandel AS.

IMGP1461 kopi

Gjekk Noreg glipp av eit stupetalent her?  I lufta ser vi Tore Nordang.

Jane og eg drista oss til å sykle eit par kilometer ekstra - til badeplassen mellom Urke og Maude.  Her var det i alle fall tid for ei kaffipause.  Ok, det vart ikkje bading på meg sjølv om nokre unge jenter påstod at det var godt og varmt i sjøen.  Men det var fleire som nytta høvet til å hoppe eller stupe frå tårnet.

IMGP1467 kopi IMGP1465 kopi

Ulike stilartar.  Til venstre Sander Stennes.  Er det nokon som kan hjelpe meg med namnet på jenta til høgre?

Så var det berre å sykle vidare innover fjorden - forbi tusenvis av kvitkløver og beitande kyr.  Diverre er det vel ingen fastbuande på Maude lenger(?), men denne dagen var der i alle høve folk i alle hus - alle velstelte hus.

Jane

Elskar, elskar ikkje...  Dette er ho som eg er gift med, Jane A. Hustad

No vonar eg sjølvagt at kona er glad i meg, men for den som vil prøve "prestekragetrikset", dvs. elskar, elskar ikkje..., så er det i langs riksveg 655 i Norangsfjorden nok prestekragar til å prøve så lenge at ein får det svaret ein ønskjer.  Elles nemnde eg beitande kyr, eg vågar knapt tenkje tanken på kva som skjer den dagen dei evt. ikkje er der lenger.

Vi nærma oss no kaia/uteområdet på Øye i Norangsdalen.  Er det nokon som vil lage ein rasteplass eller vil lage området rundt ei mindre småbåthamn er det berre å ta turen hit og snappe opp idear.  Reint og ryddig er området også.  Du får sikkert leige ein kano eller to om du spør på hotellet.

IMGP1483 kopi

"Nordic Sky" har to daglege turar frå Ålesund til Sæbø og Øye og to avgangar i motsett retning.  Her på Øye har passasjerar gått av og nye har gått ombord i båten.

IMGP1495 kopi IMGP1500

Det er fint både på land og på sjøen ved uteområdet på Øye

IMGP1486 (Large)

Dagens quiz:  Dette fjellet er nok ikkje så kjent, men har sjølvsagt eit namn.  Kva heiter det?

No var målet sjølvsagt ein god lunsj på Hotell Union på Øye, og ein svært så god lunsj vart det - det skulle berre mange.  Men det kan nok vere lurt å ta ein telefon før du evt. tek turen til hotellet.  Det er mange som ynskjer god mat.

IMGP1498 kopi

Hotell Union på Øye

I hagen til hotellet var det eit par som gav kvarandre sitt ja, men dei må få lov til å vere i fred.  Vi starta på sykkelturen heimover igjen og sjølv om vi allereie hadde ein god dessert innabords, så vart det også tid til litt markjordbær.

IMGP1503 kopi

Ikkje berre blomar denne gongen, men ferdige markjordbær.

Det vart kanskje ikkje verdens lengste sykkeltur, men akkurat passeleg for oss.  Vil du gjere litt meir ut av denne turen kan du t.d. sykle fram til Lygnstøylvatnet, eller du kan også sykle ned til kaia og kaihuset på Urke.  Og i Norangsfjorden treff du garantert mange hyggelege folk...

IMGP1508 kopi

Sjølv om det kanskje kan sjå slik ut er dette motivet ikkje frå krigens dagar.  I bakgrunnen ser vi Maude.