Laurdag 6.juni

Knut Skram

Knut Skram

Messeportane opnar kl.12.00 laurdag og det vert eit variert program. Kl. 19.00 er det høgdepunktet på dagen med konsert med Knut Skram, Marcus Kvits og Hjørundfjordkvintetten i Hjørundfjordkyrkja, og nokre bilettar er framleis å få kjøpe. Vil du ha med konserten, så ring Synnøve Hill snarast for bestilling, på telefon 91326967

Bur du i Ålesundsområde eller Sykkylven kan du ta den populære Hjørundfjorruta til 62 grader Nord, til Sæbø både laurdag og søndag. Rutetidene og prisar for båe dagar finn du her:

Tabell avgonger til Hjørundfjord:

Ålesund

10:00

18:00

Vegsund

10:35

18:35

Hundeidvika*

10:45

18:45

Trandal

11:05

19:05

Sæbø

11:15

19:15

Øye

11:30

19:30

* Kun på forespørsel.

På laurdag er det redusert tilbod på båten, då det er MS Legona som går og skal du være sikker på å få plass må det forhandsbestillast.

doc_56_3

M/S Legona er en rask båt med gode sjøeigenskapar og god uteplass. Båten er veleigna til mindre grupper for transport, sightseeing og fisketurar. Max kapasitet er 23 passasjerar.


IMGP4091_1_1 IMGP4084_1

Hotell Sagafjord er ope og tilbyr sine gjestar servering med  dans  og det er  okesteret ” Vi menn” som spelar på laurdagskvelden. Hotellet har ei romsleg hamn for småbåtar.

 

forside_stor

Skulle du ha behov for båtskyss om natta, eller nokon anna tid på døgnet,  har Hjørundfjorden eigen skyssbåt, som du kan bestille på telefon 94806606 eller sjå  Hjørundfjord skyss si heimeside for meir informasjon.

 

Søndag 7.juni

Dagen opnar kl.11.00 med gudsteneste og messeportane opnar kl. 12.00. Program for dagen finn du her


Eit av høgdepunktet for denne dagen er nok den landbrukspolitiske debatten som startar kl. 15.00, med bl.a.Landbruksminister Peder Brekk og Frp.dronninga, og kanskje komande statsminister, Siv Jensen.

Brekk landbruksminister 08 Siv Jensen
Landbruksminister Peder Brekk Siv Jensen

 

 

doc_21_3

På søndag stiller 62 grader Nord med den store skyssbåtet Fjord Ålesund som tek 97 passasjerar og det skulle ikkje være noko problem med plass skulle ein tru.

 

Velkomen til å ta del i Hjørundfjorddagane på Sæbø.