Det var sist haust at Margrethe og Bjarne Rekkedal, eigarane og drivarane av Rekkedal Gjestehus, oppdaga at  Reiselivsprogrammet til Møre og Romsdal fylke søkte etter pilotar innan produktpakking/produktutvikling. Klikk her  

Margretha og Bjarne

Margrethe og Bjarne Rekkedal tok initiativet til Aktivitetar Hjørundfjord.

Margrethe og Bjarne hadde allereie idear i hovuda sine, skreiv difor ein søknad, sende søknaden inn, tok så mot gode råd, fann samarbeidspartnarar og sist fredag vart det som no vert kalla Aktivitetar Hjørundfjord - etter ei grundig vurdering av Reiselivsprogrammet - plukka ut som ein av tre pilotar innan bransjen som allereie nemnt.  Det var heile 27 søknader som kom inn til Reiselivsprogrammet.  Dei som er med i Aktivitetar Hjørundfjord er i tillegg til Rekkedal Gjestehus:  Hotell Union, Øye, Sagafjord Hotell, Sæbø, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Høgskulen i Volda og SunAlp. 

- Terje Devold, adm.dir i 62Nord, du er vel den mest kjende reiselivsmannen vi har på heile Vestlandet og ein mann som snakkar med klare ord. Kva er "pilotar innan produktpakking/produktutvikling" for noko?  Er dette igjen snakk om visjonar, vyer, store ord..

...prosjekt..

... og prosejkt, ja.

- Det er sjølvsagt alltid lettast og snakke, verre er det å få idear gjennomført, men her vil vi vere svært konkrete.  Målet til Aktivitetar Hjørundfjord er svært konkret - vi skal skape aktivitetar for turistane, for gjestane som vil besøke Hjørundfjorden. Vi i 62Nord er vel i Hjørundfjorden mest kjende for båtturane våre, men Hjørundfjorden har meir enn fjord og fjell å byde på.  Vi tenkjer konkret på haiking, toppturar, dykking, segling, padling osb.

Terje Devold forklarer vidare at det ikkje nødvendigvis er slik at turistane bestemmer seg å reise til eit bestemt mål, t.d. Mallorca. No er det som gjerne vert kalla tematurisme som er mykje framme.  Folk bestemmer seg no gjerne ikkje for kvar dei vil reise, men kva dei vil gjere i ferien,  t.d. fiske, dykke, eller drive med fjellklatring.   Kvar dei skal klatre, fiske, dykke osb.  er mindre viktig.  Oppgåva til Aktivitetar Hjørundfjord skal vere å vise fjellturistane at Hjørundfjorden er ein av dei beste stadane for t.d. tinderangling. Her kjem t.d. SunAlp inn.

IMGP4993 (Large)

SunAlp i Aktivitetar Hjørundfjord skal vere med å få fotturistane til fjells.

- Men Devold, turistane skal vel sleppe å vere i aktivitet heile tida mens dei er i Hjørundfjorden?

- Sjølvsagt.  Vi i 62Nord skal gje dei lærerike, men fine og avslappande turar i båt på Hjørundfjorden, Rekkedal Gjestehus skal servere dei kvalitetsmat, dei skal få overnatta i gode sengar på Sagafjord hotell og sjølvsagt skal dei også få kaffi og hygge på hotellet vårt, Hotell Union på Øye.

Terje Devold meiner heile denne satsinga ikkje berre er spennande, men altså svært konkret.  Han fortel også at i dag vart reisemålsselskapet til dei fire fylka på Vestlandet og 200 reiselivsbedrifter bedrifter her - Fjord Norge AS - oppnemnt som såkalla Norwegian Centres of Exspertice (NCE) - som det einaste i landet innan reiseliv.  Klikk her.  Dette er svært gledeleg, ikkje minst fordi det følgjer pengar med på lasset - heile 13 mill pr. år i 10 år.  Aktivitetar Hjørundfjord må nok greie seg med litt mindre pengar, men får likevel ca. millionen frå Møre og Romsdal fylke over to år.

Avslutningsvis fortel Terje Devold at Aktivitetar Hjørundfjord vil starte opp straks etter ferien. Og etter kvart vil nok hjørundfjordingane merke godt at fleire turistar kjem til fjorden, meiner reiselivsguruen frå Ålesund.