Tindebestigning har dei siste åra vorte populært . I Ørsta har X2 vore bidragsytar til denne idrettsgreina, og i år stod arrangementet som vert for NM i skialpinisme. Start var sett til enden av vegen i Skåla der tindebestigarane fyrst skal gå på Saudehornet, for så å renne ned attende til start og krabbe seg opp på Nivane før dei kjem i mål attende i Skåla. Den tidlege våren gjorde det derimot vanskeleg for arrangørane å stikke løype, og starten var i år flytta lenger inn i Skåla enn vanleg. Dette baud på ei ny og litt kortare rute på Nivane, og med veret som var laurdag valde arrangørane at tindebestigarane skulle vende nokre hundre meter frå toppen av Saudehornet.

Det vekslande veret tok likevel ikkje motet frå dei omlag 50 tindebestigarane(sjølve X2) der favoritt Ola Hovdenakk trakk det lengste strået og vann på sterke 50 minutt og 44 sekund.

I dameklassa var det ikkje så heilt ukjende Bodil Ryste som fekk tittel som noregsmeister, også ho på ei god tid: 1 time, 2 minutt og 57 sekund.

Under følgjer ein biletserie frå laurdagens arrangement:

Start

Starten på årets X2 var flytta fram til enden av vegen i Skåla på grunn av lite snø. Her frå startområdet omlag ein time før start.

IMG_2006

Tjukk skodde og dårleg ver gjorde at arrangørane valde å leggje om traséen til Saudehornet. Her gir leiarane beskjed om at løpet endeleg kan starte, etter å ha teke avgjersla om at det ikkje blei vending på toppen av Saudehornet under årets X2.

IMG_2011

Starten er gått og løparane er på veg opp første sida.

Bruk 3

Ola Hovdenakk i tet framføre Andre Haugsbø.

Bruk 4

Andre Haugsbø vart nummer to.

Bruk 5 (2)

Voldingen Stig Helset på veg oppover mot vending. Han blei nummer 4 i Menn Elite, på sterke 57 minutt og 14 sekund.

Bruk 6

Skodda låg til tider tjukk rundt toppen av Saudehornet denne laurdagen, her nærmar tindebestigarane seg vending.

Bruk 7

NM-vinnar i dameklassa Bodil Ryste.

Bruk 8

Varierande veir.

Bruk 9

Med fjellsider på nærare 40 grader gjev X2, saman med sure lår og høg puls, utfordringar for tindebestigarar flest.

Bruk 10

Ikkje rart det kan gå slik då...

Bruk 11

Han kom seg likevel fort på beina igjen og tenkte nok meir på neste topp han snart skulle til å byrje på...

Bruk 12

Snart nede frå Saudehornet.

Bruk 14

Så laut ein på med fellane igjen og krabbe seg opp den tunge sida til Nivane.

Bruk 15   IMG_2215

NM-vinnar Ola Hovdenakk på veg mot mål. Han fekk den sterke tida 50 minutt og 44 sekund.

For resultatliste og meir informasjon: http://www.x2ski.no/page/nyhende/32

Alle foto: Håvard Myklebust