Lang rekkje

Hovudbrygga har no full lengde med plass til 28 småbåtar.

Fantastisk dugnadsvilje

Det er både fastbuande og gjester utanfrå som stiller på dugnaden. Hytteeigarar frå Austlandet og frå Rogaland deltek saman med bygdafolket. Fjorden lokkar og då er båten god å ha. Hytteeigarane leiger ut hytter med småbåt inkludert og ei trygg og ryddig småbåthamn trengst.

 

Formennene

 

Då gamlekaia på Urke vart bygt i 1917, vart det vitsa om at det var 19 formenn og ein arbeidar. Desse tre karane var ikkje formenn, men måtte ta ein pause for å diskutere korleis neste problem skulle løysast. Frå v.: Asbjørn Urkegjerde, Olav Klokk og Erling Berg.

 

Fenderproduksjon

 

Fenderane er viktige på ei kai. Brage Høidahl ,t.v., kom frå Oslo og Rune Håndlykken kom frå Telemark for å delta i dugnaden.

 

Kaihuset blir pussa opp

Kaihuset på "gamlekaia" er under opp-pussing og ein er langt på veg ferdig med å innreie toalett med vask. Hovudrommet vert rydda og skal bli eit koseleg samlingsrom til ulike formål. Og sjølvsagt er det dugnadsånda som vert mana fram for å kome ned på beina økonomisk.

 

Rydding i kaihuset

 

Søstrene Vigdis Høidahl, t.v., Oslo  og Randi Slettedal, Ålesund, er i full aktivitet med å rydde opp i kaihuset.

 

Ein solid jobb er utført

Eldrid Øye er full av lovord om dei mange som deltek på dugnadene.  På mindre enn ein månad har vi hatt tre dugnader for å montere flytebryggene og i haust var det ein liknande innsats for å få ankerfesta laga og plasserte på botnen. Dugnadsgjengen ser no resultatet som dei sjølve og andre skal hauste glede av i lang tid framover.

 

Vi merkar at utviklinga går mot større vilje til å delta i dugnadsarbeid. Dugnadsånda blomstar og vi trur det i seg sjølv har i seg mange positive sosiale opplevingar. Denne utviklinga her i bygda er kanskje motsett av det vi høyrer frå andre stader, antydar nokre av deltakarane.

 

 

Leiaren visst fornøgd

 

Eldrid Øye har leia Urke Småbåtlag i mange år. Saman med styret har ho planlagt bygginga og utvidinga av hamna. Her diskuterer ho med Sverre Sørvåg , Bærum, kor stor avstanden mellom båtplassane skal vere.

 

Måle og skrue

 

Her nyttar det ikkje med tilfeldige løysingar. Frå v.: Sverre Sørvåg brukar tommestokken medan Jørgen Høidahl, Oslo, og Torbjørn Urke, Ørsta, teitar til mutterane.

 

 

Ufrivillig bad

Det er mykje som skal falle på plass for å kome i hamn med prosjektet. I arbeidet med å få den eine flytebrygga på plass, hamna ein av deltakarne i sjøen som ikkje direkte inviterte med ideell badetemperatur. Men det var ikkje råd å få arrangert reprise på oppmoding frå fotografen.

 

Brygge plassert

 

Den første brygga ved kaia er på plass. "Konsulentane" på kanten gir gode råd medan Johannes Halland i båten skal utføre ordrane.

 

Det skal skruast og boltast i koblingar og forankringar, sterke tau og tunge kjettingar må handterast. Pullertar skal på plass og bryggene skal ha trygg tilkomst. I helga måtte ein innsjå at det trengst ei ny tilkomstbrygge og denne vart bestilt same dag.

 

Sikker økonomi

Kassa er no meir enn botnskrapa og vi må ta opp eit mindre lån for å få siste brikkene på plass. Kvar båtplass kostar 15.000 ved hovudbrygga og 10.000 ved den landfaste brygga ved kaia. I tillegg kjem ei årleg leige av båtplassen.  Med unntak av ein ledig plass, er alle selde. Det gir oss ein sikker økonomi for framtida, opplyser leiaren.