Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Tidleg i vår var vi ein ein tur på den høgste av Tungremtindane.  Vi gjekk då opp Riksheimdalen frå Sykkylven.  Klikk her.  Men kva med å gå opp frå Nes i Hjørundfjorden?  Som tenkt, så gjort.

IMGP0005 (Large)

Vi gjekk opp i Nesdalen omtrent slik den raude streken syner.  Vi gjekk så vidare nord til skaret øvst i Nesdalen og derifrå til Tungremtindane. (Strekninga mellom skaret og Tungremtindane syner ikkje).

Ta ferja frå Sæbø klokka 0845 (0850 på søndagar) til Trandal, køyr i land der og sving til venstre i første kryss.  Køyr så utover stranda til Nes. Vegen til Nes har vakker, grøn midtrabatt, men det er ikkje problem å køyre der med vanleg bil.  Likevel er det viktig å få med seg at vegen ikkje er brøytt vinterstid.

Mellom dei to tuna på Nes kjem Neselva ned.  Du skal gå oppover på nordsida av elva - på venstre side av elva når du ser oppover.  Råsa er no fint rydda - klikk her -  men utgangspunktet for råsa er ikkje merka.

IMGP0359 kopi IMGP0283 kopi

Foto til venstre: Her ser du starten på råsa opp til Nesdalen.  Gå opp på murkanten og gå vidare etter etter råsa - det grøne partiet ovanfor vegen.  Går du feil, kan turen ende opp i kratt og småskog - foto til høgre.

Då vi gjekk denne turen var det vår og skia var festa til ryggsekken oppover.  Likevel vil eg tru at råsa er såpass godt rydda at det er godt mogleg å gå med ski på føtene ein vintersdag.

IMGP0289 kopi

Snøen er nådd.  Fred Ingar får på skistøvlar og ski.  Sylkallen er den høgste toppen på motsett side av fjorden.

Frå Hustadneset ser Nesdalen bratt ut - som ein fin skidal.  Vi - Fred Ingar Somby og underteikna - vart nok overraska over at dalen var så flat som den var.  Vi gjekk framover Nesdalen på vestsida oppunder Nes-Staven og fjellet Seljeneshornet, men raskast er det nok å gå etter dalbotnen til det vert bratt opp til det nemnde skaret.

IMGP0291 kopi

Nesdalen er etter måten flat.  Nes-Staven ligg utanfor venstre billedkant, så ser vi Seljeneshornet og rett til høgre for fjellpartiet  omtrent midt på fotoet - den sørlegaste av Tungremtindane - er skaret der vi gjekk over og vidare mot  den høgste av Tungremtindane.

_IGP5137 (Large)

Her er eit foto i motsett retning. Sjølvsagt er det Hjørundfjorden vi ser i bakgrunnen.  Foto:  Fred Ingar Somby.

Siste kneika opp mot skaret var litt bratt, men heilt uproblematisk å gå.  Uproblematisk var det også å gå bort til den høgste av Tungremtindane.  Fotovêret var ikkje godt på 1. mai, men sjå likevel under.

IMGP0298 kopi IMGP0301 kopi

Fred Ingar på veg opp mot skaret.  På foto til høgre har han allereie nådd den høgste av Tungremtindane.  Foto omtrent frå skaret.

IMGP0315 kopi

Foto frå toppen mot Riksheimdalen og Sykkylven.  Nede til høgre ser vi Andrevatnet.  Snøen minkar raskt.

IMGP0306 kopi

Her ser vi den sørlegaste av Tungremtindane (Fred Ingar står på toppen) og til høgre for den er det Trandalhatten som stikk fram.

_IGP5156 (Large)

Og her har Fred Ingar fotografert den høgste av dei.  Underteikna skal her vere på veg ned frå toppen.

Som nemnt i den forrige artikkelen om Tungremtinen - 1290 m, held toppturboka til FriFlyt Tungremtinden som ein av sine toppfavorittar i vårt område.  Nedkøyringa til Sykkylven kallar dei fabelaktig. Nedkøyringa frå den høgste av toppane og vidare ned Nesdalen denne dagen, vil eg nok ikkje kalle fabelaktig.  Men for all del - ein tur ned frå ein topp er alltid best med ski på føtene, i alle høve om det er snø.

IMGP0322 kopi

Fred Ingar på veg ned frå den Tungremtinden rett over Nesdalen.  Ser du Trandalhatten?

IMGP0324 kopi _IGP5161 kopi

Foto til venstre:  Fred Ingar på veg ned mot skaret.  Foto til høgre:  Underteikna i skaret.  Hjørundfjorden omtrent midt på fotet, Nes-Staven til høgre.

Vi såg - eller meir presist; Fred Ingar såg på dette tidspunktet at han hadde god tid til ferja klokka 16, dvs. ca. ein times tid til overs.  Han hadde lenge sett på Trandalhatten.  Eg fekk tilbod om å vere med dit, men takka pent nei.  Fred Ingar rakk både Trandalhatten, klikk her, og ferja. Ferja hadde i alle høve ikkje eg nådd hadde eg gått på Hatten i tillegg.

_IGP5168 kopi IMGP0329 kopi

Midtveis i Nesdalen var Fred Ingar enno rask og sprek, tok av skia, festa dei på ryggsekken igjen og gjekk på Trandalhatten.  Underteikna rann vidare ned Nesdalen, foto til venstre, og hadde ein god rast i lyngen nedom snøgrensa.

Skal eg driste meg til ein konklusjon igjen, vil eg nok meine at Nesdalen er eit glimrande utgangspunkt for skikøyring - om du tek turen vidare til Trandalhatten.  Når det gjeld Tungremtindane  så er utan tvil den raskaste turen til topps her om du går opp frå Nes, men flottaste skikøyringa får du om du renn ned til Riksheimdalen.  Så ein rundtur frå Nes til Tungremtindane og vidare ned til Riksheimdalen/Sykkylven ein kald vinterdag må vere eit klokt val.

Men om ikkje lenge skal eg på Nes-Staven...