Frå og med torsdag 28. mai  og i ca. tre månadar framover, vil Sæbø sin eminente bakar, Dagfinn - Daffa - Strand, igjen lage- og selje sine gode bakarvarer frå eige bakeri ved ferjekaia på Sæbø.

Opningstidene vil på kvardagar vere frå klokka 0930 til klokka 1630, laurdagar vil opningstidene vere frå klokka 0930 til klokka 1430.

IMGP6898 kopi

Og ikkje berre vert det ope på kvardagar.  Når turistsesongen startar for alvor, frå ca. den 28. juni,  vil bakeriet halde ope også på søndagar.  Det er Kanutte - Nutte - Strand du som oftast vil finne i butikken og kafeen og ho opplyser at sjølvsagt vil det vere ferske bakarvarer kvar einaste dag - omtrent slik vi er vande med frå ferieturanevåre til Danmark.

Bakar Dagfinn vil forsyne oss med dei varene vi har blidd godt vande med - alle dei ulike brøda, kjeksa, wienerbrøda, skulebollane, bollane, kakene....  I kafeen vil du få kjøpe påsmurde rundstykker o.l. - og PIZZA.

Sjølvsagt må det nemnast at utanfor bakeriet er det no nytt fortau - fortau som er spesiallaga og tilpassa kafeborda og stolane.

Hjarteleg velkomne til alle, seier Nutte og Daffa.

IMGP0927 kopi

I dag, onsdag 27. mai, laga Daffa ei god ladning med skipskjeks.  Desse er framleis laga etter gamlebakar Strand si hemmelege oppskrift.  Desse kjeksa, som sjølvsagt er steikt i steinomnen, er kort og godt utruleg gode.  Dette veit underteikna - for i dag har han ete både eitt og to...